Denne samlinga er på hausten, i august eller september. Følg med på kalenderen på nettsida eller i kyrkjebladet for meir informasjon. Elles vert alle som er medlemmar i kyrkja invitert per brev. Ta kontakt om du lurar på noko.
Kyrkjevandring og 4-årsbok (B4)
Når barna vert 4 år, har det lenge vore tradisjon at dei får ei bok i gåve frå kyrkja på ei gudsteneste. Dette gjer me og i Fitjar kyrkje. For at dei skal vere litt vant med kyrkja, dei som jobbar der og det som skjer i kyrkja, vert dei invitert til kyrkjevandring på laurdagen før gudstenesta. Dei utforskar kyrkja, vert kjent med dei som jobbar der og syng i saman.
![Kyrkjevandring og 4-årsbok (B4)](/globalassets/fellesrad/fitjar/nyhende/4-ars-bok-2.jpg?width=800&height=448&quality=80&contId=2612865)