Denne samlinga er på hausten, i august eller september. Følg med på kalenderen på nettsida eller i kyrkjebladet for meir informasjon. Elles vert alle som er medlemmar i kyrkja og tilhørige invitert per brev. Ta kontakt om du lurar på noko.
Den gode gjetaren (B5)
Ein ettermiddag på hausten, dagen før søndagsskulens dag, samlast barna i kyrkja for å syngje, be og høyre om Jesus som gjetar. Barna får vite meir om søndagsskulen og søndagsskulens dag, og vert førebudd på gudstenesta dagen etter.