Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Soknerådet - ansvar og oppgåver

Soknerådet har omfattande oppgåver og det er soknerådet som avgjer i alle saker der lovverket ikkje uttrykkjeleg har lagt avgjerda til andre organ, som til dømes fellesrådet.

Hovudoppgåvene til soknerådet er nemnde i § 9 i kyrkjelova, men og andre regelverk er med på å definere ansvaret til soknerådet.

Kyrkjelova § 9 set opp følgjande hovudføremål med arbeidet i soknet: ”Menighetsrådet skal ha sin oppmerksomhet henvendt på alt som kan gjøres for å vekke og nære det kristelige liv i soknet, særlig at Guds ord kan bli rikelig forkynt, syke og døende betjent med det, døpte gis dåpsopplæring, barn og unge samlet om gode formål og legemlig og åndelig nød avhjulpet. Menighetsrådet har ansvar for at kirkelig undervisning, kirkemusikk og diakoni innarbeides og utvikles i soknet”

I samband med gudstenestereforma har kyrkjemøtet uttrykkt ønske om at kyrkjelyden, og særleg soknerådet, skal ta ansvar for gudstenestelivet ved å legge vekt på at gudstenesta er hovudsamlinga for kyrkjelyden. Soknerådet fastset ei Lokal grunnordning for gudstenestelivet. Hovudansvar for førebuing og gjennomføring av dei einskilde gudstenestene er lagt til presten, men soknerådet har ansvar og tek avgjerder på visse område.

For kjerneoppgåvene trusopplæring, diakoni og kyrkjemusikk, har Kyrkjemøtet vedteke retningsgjevande planar som skal hjelpe sokneråda til å arbeide planmessig og gi retning til dei lokale prioriteringane.

På andre område står soknerådet friare til å vurdere om og på kva måte ein skal prioritere ut frå lokale forhold og tilgjengelige ressursar. Som døme på arbeid og tiltak soknerådet kan prioritere ut frå kl§ 9, peikar vi på:

  • Barne og ungdomsarbeid
  • Besøksteneste
  • Bruk av kyrkjebygg og andre kyrkjelege lokale
  • Forbruk og rettferd
  • Bibelgrupper/ samtalegrupper
  • Misjon og evangelisering
  • Økumenikk
  • Rekruttering og organisering av frivillig arbeid
  • Unge vaksne i kyrkja
  • Informasjon og kyrkjeblad

Oppgåver av forvaltningsmessig karakter:

  • Ta avgjerd om kva og kven kyrkjeofringane skal gå til
  • Medverke ved tilsetjing av prest
  • Utleige av kyrkje
  • Førebu saker til kyrkjelydsmøte
  • Gi ulike rapportar til andre kyrkjelege organ og statistisk sentralbyrå.

(avskrift frå boka: ”Håndbok for sokneråd og kyrkjeleg fellesråd”, 2011, kirkerådet og KA)

Kontaktinformasjon for Giske kyrkjelege fellesråd

Besøksadresse:
Kyrkjekontoret/Rådhuset

Valderhaug 4

6050 Valderøy

Åpningstider:

Tirsdag - Fredag:

Kl. 09.00-14.00

 

 

Telefon kyrkjekontoret: 

70 18 80 40

 

E-post: kyrkja@giske.kommune.no

 

Telefon kyrkjeverje:

45 06 53 80

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / Fjern kirken.no fra blokkert.

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"