Vi legg stor vekt på at born og unge skal kunne delta aktivt og føle seg heime i kyrkja. Derfor er det ofte barnesamling i gudstenesten. Etter gudstenestene er det vanlegvis kyrkjekaffi der små og store kan kose seg med god prat og litt å bite i.
Gudstenester i kyrkjene våre
Kvar søndag er det ei eller fleire gudstenester i kyrkjene våre. Gudstenesta er den viktigste møteplassen for kristne. Den er staden der dei kristne vert synlig som ein kyrkjelyd; eit fellesskap av mennesker som deler trua på Gud, og ein stad der mennesker møter kvarandre.