Vigra kyrkje

Vigra har vore kyrkjestad gjennom mange hundreår og truleg har her vore tre kyrkjer før den kyrkja vi har i dag.

Vigra kyrkje

Første kyrkja veit ein ikkje så veldig mykje om. Den andre kyrkja vart treft av lynet og brann opp på 1700 talet. Tredje kyrkja vart riven i 1896. Felles for desse kyrkjene var at dei var plasserte på staden eller i nærleiken av der Roald søndagsskulehus står no.

I 1880 åra vaks folketalet på Vigra og kyrkja på Roald vart for lita. Sokneprest Rikard Moe kalla saman til kyrkjelydsmøte på bedehuset 12. desember 1890. Det var eit samstemt kyrkjelydsmøte som gjekk inn for bygging av ny kyrkje og det vart nedsett eit utval som fekk vide fullmakter.

Grunnsteinen vart nedlagd 7. oktober 1892, og 24. januar 1894 vart kyrkja vigsla av biskop Hvoslef. Pris i tilbudet på kyrkja var kr. 26.500.

AlterringKyrkja har sitteplasser til ca 400 menneske. Ho er bygd opp av lafta tømmer med bordkledning utvendig og panel innvendig. Kyrkja har god akustikk og blir ofte nytta til konsertar.

Orgel vart ikkje kjøpt før 16 år seinare, i 1910, til ein pris av 5.125 kr. Orgelet vart skifta ut i 1975 og laga av Paul Ott,  Tyskland.

Det vart bygd gravplass samtidig med kyrkja. Den har seinare blitt utvida 2 gonger. 

Rett utanfor hovedinngangen ligg det ein stor minnestein over dei som fall under andre verdskrigen. Denne steinen låg i fjøra på Roald. Siste bakkane opp til kyrkja greidde ikkje lastebilen som drog steinen på ein steinslede meir. Folket gjekk saman og drog den opp kyrkjebakkane med handemakt.

Gamalt alterInne i kyrkja er det teke vare på eit steinalter som var brukt for lenge sidan. Truleg er det meir enn 700 -800 år gamalt. Gamle skrifter seier at det vart brukt til dørhelle på kyrkja som brann på 1700 talet, kyrkja som vart riven i 1896 og sist utanfor søndagsskulehuset. Teppet på steinalteret er vove av Kingelveven.Gamal altertavle

Over døra til dåpssakristiet heng altertavla som var i kyrkja som vart riven i 1896. Dette er den andre tavla ”Tavle-Jakob” laga. Tavla vart laga i 1758 og denne tavla er den første han måla. Likeeins står preikestolen laga av ”Tavle-Jakob” på galleriet i kyrkja. Altartavla som er i bruk i dag, vart måla av bergenskunstnaren Jacob Bratland i 1893 I teksten under står: Gud er kjærlighet.

Møblane i våpenhuset er laga av Endre Lorgen. Dei nye setta med kyrkjetekstilar - messehakel, stola og leseklede i kvit, grøn og lilla farge, har Dorthe Lervik laga.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"