Ei takk for livet som har vore
Ei gravferd, altså ein begravelse eller bisettelse, er den siste handlinga som fellesskapen gjer for det einskilde menneske. Gravferda er ei viktig hending i familien og venekrinsen. Der tek vi farvel med den som er død. Vi takkar for livet som har vore og overlét den døde i Gud sine hender.
Kyrkja har lang tradisjon som seremonimeister i samfunnet vårt. Gravferda er dei næraste si avskil med den døde. Ei kyrkjeleg gravferd er samstundes ei offentleg handling med gudstenesteleg karakter, som markerer at eit liv er slutt.
Livsløpet til kvar einskild blir sett inn forteljinga om Guds kjærleik og frelse og kan kvila der. Gravferdsritualet inneheld mange ulike element. Minneord, tekstar, bøner, musikk og salmar skal på ulike vis spegla det livet som blir lagt i grava og forkynna håp og trøyst til dei pårørande. Blomar og kransar uttrykker takksemd og medkjensle frå slekt, vener og andre i krinsen rundt den som er død.
Praktiske, juridiske og økonomiske spørsmål
Mange følelser melder seg i møte med død og gravferd. De som står nærmest må også forholde seg til en rekke praktiske, juridiske og økonomiske spørsmål. I løpet av kort tid må det blant annet tas valg for seremoni, gravferdsform og hvor gravlegging skal finne sted. Lenker om dette finnes nederst på denne siden.