Babysong

Som ein del av trusopplæringa i Den norske kyrkja tilbyr vi babysong i Blomvåg kyrkje, og i samarbeid med KFUK-KFUM, tilbyr vi babysong i Fjell, Foldnes og Landro kyrkje.

Blomvåg kyrkje

Det er babysong i Blomvåg kyrkje annankvar måndag frå kl. 11.00 til kl. 13.00. På babysongen i kykja er det kjekt å vera saman born og vaksne. Der syng me kristne barnesongar og bøner og litt andre songar som nokre av dykk kjenner frå før frå helsestasjonen. Me avsluttar samlingsstunda med medbrakt lunsj. Kyrkja står for kaffi, te og saft. Påmelding til post.oygarden@kyrkja.no eller ring kyrkjekontoret på telefon 400 03 316. Meir info kjem på facebook-gruppa vår!

Hjarteleg velkomen!

 

Babysong i Fjell, Foldnes og Landro

På samlingane vil de få friska opp songar de hugsar frå dykkar eigen barndom, og lære mange nye. De vil få tips om korleis de kan bruke song og musikk i kvardagen med barna dykkar, og de vil få råd om korleis de kan gje barnet trusopplæring gjennom song og musikk.

Kvifor er babysong viktig?

  • Gjennom rytme, song og musikk blir heile mennesket engasjert, uavhengig av alder.
  • Ein treff andre foreldre/føresette i same situasjon, og ein får knytte nye kontaktar.
  • Song og musikk skapar gode augneblink saman med barnet i kvardagen.

I Fjell kyrkje og Landro kyrkje er babysongen i regi av KFUK-KFUM Åpen barnehage Øygarden.

Fjell kyrkje:

Samlingane er på måndagar kl. 12.30-14.30, og blir leia av Vibeke Suphellen. Påmelding på epost til vibeke.suphellen@kfuk-kfum.no. Meir info finn du på Facebooksida til KFUK - KFUM åpen barnehage Øygarden

Landro kyrkje:

Babysongen blir leia av Maria Granum, og skjer på onsdagar kl. 10.30-12.30. Påmelding på epost til tove.angeltveit@kfuk-kfum.no. Meir info finn du på Facebooksida til KFUK - KFUM åpen barnehage Øygarden

Foldnes kyrkje:

Her skjer babysongen i regi av T-dagen, og blir leia av Eivind Kausland Lie og Elisabeth Møll Jung. Samlingane i Foldnes kyrkje er ca. annakvar måndag (frå og med måndag 27. september) kl. 10-12. Påmelding her. 

Velkomen til babysong!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag - fredag kl. 10-14

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"