Nokre av de som har vore konfirmantar har vore med i noko av ungdomsarbeidet som går heile året; Lukas Ten Sing, Landroklubben, KRIK, bibelgrupper og Ungdomslørdag. Vi håpar at de trivast i miljøet og vil fortsette der til hausten og!
Og; det er sjølvsagt lov å begynne no etter konfirmasjonen og!
For alle som har vore konfirmantar, har vi ei spesiell utfording: meld deg på LED! LED er eit leiartreningsopplegg for 10.klassingar kor du får innføring i kyrkja sitt ungdomsarbeid. Du finn meir informasjon om LED og påmelding på linken under.
Trua er ei gåve og det er slett ikkje dumt å ta godt vare på gåva! I ungdomsmiljøet i kyrkja vil du få vere saman med andre som heller ikkje har alle svara, men som likevel trur. Det er eit opent og inkluderande miljø, kor vi ønskjer at alle skal få vere seg sjølve og kjenne seg trygge.