Fjell kyrkje
- 25. april: Kolltveit og Knappskog krins
- 26. april: Skålevik, Tellnes og Ulveset krins
(Tellnes krins: Tellnes, Haganes, Dala, Trengereid og Kallestad)
Foldnes kyrkje
- 1. mai: Brattholmen krins
- 2. mai: Hjelteryggen og Bjorøy krins
- 3. mai: Foldnes krins
Landro kyrkje
- 9. mai: Landro og Misje krins
- 10. mai: Ågotnes og Spjeld krins
I utgangspunktet blir alle konfirmantane konfirmert i den kyrkja dei soknar til. Dersom den oppsette dagen blir vanskeleg, kan ein be om ei anna kyrkje eller ein annan dag. Alle får den dagen dei ønskjer. Påmeldinga til konfirmantåret startar i mai/juni.
Klokkeslett for konfirmasjonsgudstenesta
Det vil bli to eller tre konfirmasjonsgudstenester på kvar av datoane.
Kva krins som kjem tidleg og seint på dagen, vil bli bestemt etter at konfirmantane er påmeldt og vi kan sjå kor stort konfirmantkullet er. Dette gjer det lettare for oss å fordele gruppene likt, slik at det blir best mogleg plass til familie og gjester i kyrkja på konfirmasjonsdagen.
Soknegrenser
Soknegrensene mellom Fjell og Landro sokn går midt i Knappskog skulekrins. Dei som bur nord for Spjeldsundet soknar til Landro kyrkje. Resten av Knappskog soknar til Fjell kyrkje.
Ungdommar frå Tellnes krins går nå på Skogsvåg barneskule/Sund ungdomsskule. Dei soknar likevel til Fjell kyrkje. Dersom dei ønskjer å ha konfirmasjonstida si saman med dei andre elevane på Sund u.sk., kan dei melde seg på som konfirmantar i Sund sokn. Dette er heilt valfritt.