Gudstenester

Gudstenesta er kyrkjelyden si storsamling. Gud møter oss, vi møter Gud og vi møter kvarandre.

Konfirmantane skal delta på minimum åtte gudstenester i tillegg til konfirmasjonsgudstenesta i mai. På kvar gudsteneste skal konfirmantane fylle ut eit gudstenesteark, for å registrere frammøte. Dette arket skal leverast til presten eller kyrkjevertane når gudstenesta er slutt.

Oversikt over alle gudstenestene i Fjell, Foldnes og Landro finn de i gudstenestelista. Hugs at ikkje alle gudstenester startar kl. 11.00.

Viss konfirmantane går på gudsteneste andre stadar enn Fjell, Foldnes og Landro kyrkje, ta ein selfie i kyrkja, gjerne saman med presten, og send til konfirmantlæraren din.

Vi oppfordrar foreldre/føresette til å slå følgje med konfirmanten til gudstenestene.