Fastehefte

Fastetida gjev oss ei moglegheit til å velge noke vekk, for å gje meir plass til noke anna. Vi håper at eit fastehefte, med bibeltekstar og bønar vil gjere det lettare å velge å gje meir plass til bibel og bøn i denne fastetida.

Lilla skrift medteksten Fastetida Bøn- og bibelleseplan. På lilla bakgrunn med lilla bokser, en boks med foto av lilla strå.

Fastehefte 2023 - Hjelme og Blomvåg.pdf

«Himmelriket er likt ein kjøpmann som leita etter vakre perler. Då han fann ei svært verdfull perle, gjekk han bort og selde alt det han eigde og kjøpte henne» (Matt. 13,45).

Fastida er ei god tid til å leita etter perler. Gjennom bøn og bibellesing kan skulte skattar verte tydeleg for oss. Kunstnaren Michelangelo er mellom anna kjend for sine store marmorfigurar. Han har sagt at jobben hans ikkje er å laga skulpturar, men å avdekka dei. Gjennom sansane våre kan vi avdekka sanningar om Gud og oss sjølve – verdfulle perlar!

Alle våre lengslar, håp, ambisjonar, redsle og rastløyse kjem frå det indre livet vårt. Difor er det av stor verdi å ta vare på det ingen andre ser. Vårt andelege liv treng føde for å leva. Ikkje ver motlaus over alt som kan dukke opp i ditt indre; la det heller vere utgangspunkt for bøna og samtalen med Gud.

I år les me Markusevangeliet. Det er det eldste av evangeliene og gjev eit unikt innblikk i Jesu liv og Guds plan for verda. Kva seier denne teksta til deg? Nytt i år er «bøneverset» som er oppført etter Markusteksten. Dette er eit vers du kan ta med inn i bøna. Du kan repetere verset og late det tala til deg. Desse «bøneversa» har ulike tema veke for veke. I tillegg er det med mange ulike bøneemne for kvar veke. (Kvar søndag er preiketeksten for søndagen skrive inn).

Lukka til. Må Gud openberra seg for deg og velsigna deg denne fastetida.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"