Gudstenestelivet i Hjelme og Blomvåg

Det er mange som deltek på gudstenestene i Hjelme og Blomvåg, både som deltakarar og frivillig medarbeidarar. Me har også flinke uløna medarbeidarar som deltek i gudstenestene.

Gudstenester:

Det er gudsteneste kvar søndag i Hjelme og Blomvåg sokn kl. 11.00, vekselvis i Hjelme og Blomvåg kyrkjer. Oversikt til ei kvar tid finn du på kalenderen som ligg på framsida av vår nettside. Me ynskjer at gudstenestene skal vere ein møteplass der menneske kan treffe kvarandre og der menneske kan møte Gud. Det er verdifullt å kunne sette av litt tid i ei travel veke til å gå i kyrkja. I gudstenestene har me ofte dåp og nattverd, og me har også kyrkjekaffi.

Sprell Levande-gudstenester:

Fleire gongar i semesteret arrangerer vi Sprell Levande-gudstenester. Målet er å skape familiegudstenester som blir ei flott oppleving for store og små. Her er det ofte korsong, drama, opning av skattkista, bønevandring og kyrkjekaffi. Desse gudstenestene er populære og mange menneske er involvert i gjennomføringa.

Tednebakkane:

Kyrkja besøker Tednebakkane omsorgssenter annakvar tysdag kl. 10.30. Som oftast er det organisten og presten som kjem på besøk. Me har enkle møte med andakt, song og bøn. Iblant har me også nattverd. Samlingane er opne for bebuarar og alle andre som er interesserte.