Konfirmanttida i Sund

Konfirmant-året er det mest omfangsrike tiltaket i trusopplæringsplanen vår og munnar ut i konfirmasjon på våren det året ungdomane fyller 15 år.

Gjennom regelmessige samlingar får konfirmantane møta den kristne trua i form av undervisning og deltaking på gudstenester. Vi har også ei rekkje andre spennande og gøye samlingar som t.d. Bibel&Pizza, media-seminar, taco-night og innsamlingsaksjon. Det som for mange konfirmantar står som høgdepunktet, er helga vi reiser på leir saman i januar! 

Konfirmantane får ikkje berre møte den kristne trua gjennom å passivt lytta til undervisning – dei deltek sjølv, til dømes ved å samle inn pengar til kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt i Sør-Amerika. 

Hos oss er du hjarteleg velkomen som konfirmant, anten du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig på den kristne trua, og vi vil at også du skal få koma til ordet med dine spørsmål, tankar og meiningar!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"