Hva er diakoni?
Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Omsorgen visast gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kamp for rettferd.
Les meir
Omsorga visast gjennom inkluderande fellesskap, nestekjærleik, vern om skaparverket og kamp for rettferd. Kyrkja ynskjer å gjere Gud sin kjærleik og omsorg synleg og mogleg å erfare for alle menneske. Dette gjeld i alt arbeid i kyrkja. Kyrkja sin visjon for den diakonale tenesta er: «Gud sin kjærleik til alle menneske og alt det skapte, verkeleggjort gjennom liv og teneste».
Diakoni er alt frå den kvardagslege omsorga for naboen til internasjonalt engasjement for klimarettferd og nedkjemping av fattigdom. Diakonien er både ein grunntone i alle forhold i kyrkjelyden, og vert konkretisert i eigne tiltak. Diakonien har eit særskilt ansvar der få eller ingen bryr seg. Likeverd og respekt for kvarandre si verdigheit er grunnleggande.
Det er diakonen som leier kyrkja sitt omsorgsarbeid.
Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"
Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista
Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert
Settings for this website / Location -> "Allow"