Trusopplæringsplanen
Trusopplæringsplanen til Sund kyrkjelyd er godkjent av både Sund sokneråd og biskopen i Bjørgvin og er ein heilskapleg plan for opplæring av barn og unge i alderen 0-18 år til eit kristent trusliv.
Som visjon for dette arbeidet har vi vald «Rusta til ferda» – etter 1. Kor. 16,6, der Paulus bed kyrkjelyden i Korint om å utrusta han til den vidare ferda hans «kvar ho så går».
Planen har som utgangspunkt befolkninga i Sund og gjev i byrjinga ei kort skildring av særpreg for samfunnet her, samt ei reiegjering om korleis vi har vald å organisere trusopplærings-arbeidet vårt. Vidare er det ein del dimensjonar vi ynskjer skal vere med i planlegginga av alle arrangement og gjennomsyre arbeidet, slik som gudstenestefeiring, inkludering og tilrettelegging, misjon, diakoni og miljøvern. Hovuddelen av trusopplæringsplanen består av detaljerte planar for tiltak og arrangement til kvart alderstrinn frå 0-18 år.
Det er svært viktig for oss at dei unge får erfare eit nært og trygt fellesskap når dei er med på trusopplæring og at dei ulike arrangementa og tiltaka finn stad i ramma av positive og spennande aktivitetar som t.d. leir, overnatting, friluftsliv, leik, måltidsfellesskap og ulike formar for kunst og handtverk.
Når det gjeld sjølve opplæringa – undervisninga – tek vi på alle trinn utgangspunkt i forteljingar og andre tekstar frå Bibelen. Vi ser arbeidet med å gje vidare den kristne trua og kyrkja sine tradisjonar som eit kall frå Herren sjølv, med mål om at dei unge skal bli kjent med Den treeinige Gud og koma til tru på Jesus Kristus. For å formidla dette på ein god og nær måte er det viktig for oss å hjelpe dei unge til livstolking og livsmeistring når vi lærar dei, og at dei sjølve får godt høve til å praktisere trua og utfalde seg i kyrkjelyden sitt gudstenesteliv.
Trusopplæringa er open for alle som vil vere med!