Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Kjære brudepar

Me er inne i ei svært usikker tid. Normalt kan me planlegge og førebu oss. No er alt usikkert. Me veit ikkje kor lenge koronaviruset vil styre samfunnet vårt og kyrkja sine oppgåver og tenester. Me vil hjelpe dykk så langt det er mogeleg. Ta kontakt med oss.

Styresmaktene sine råd og pålegg gjeld til og med 26. mars for kyrkja sitt vedkommande. Slik det ser ut, må me rekne med at førebyggande tiltak vil gjelde også ut i april. Oppdatert informasjon kjem på denne nettsida ved utgangen av mars.

Me følgjer Folkehelseinstituttet sine råd og pålegg. Me er også i direktekontakt med lokal smittevernmyndigheit (kommunen) når det er naudsynt. Tilsaman 10 personar kan delta i vigselen, med tillegg for tenestegjerande personell. 

De må sjølv gjere eit val ut i frå situasjonen slik den er og vert framover. Ønskjer de vigsel så vil me gjennomføre den etter gjeldande ordningar og reglar for smittevern. Dersom de ønskjer vigsel no, så kan me i lag med dykk sjå om det er aktuelt med ein seremoni seinare, som stafestar vigselen saman med dei som ikkje kunne delta og skulle vere gjestar under normale omstende.

Eventuell vigsel i april

Når det gjeld nært føreståande vigslar ber me om at de samrår dykk med presten som skal vie dykk. Ta kontakt med vårt kyrkjekontor som vil formidle dialogen.

Eventuell vigsel i mai

For vigslar i mai, kan de kontakte oss tidleg i april for oppdatert informasjon. Då veit me kva styresmaktene har bestemt for kommande veker.

Vigslar i juni, juli og august

Me kan ikkje seie noko om denne perioden no. Heller ikkje styresmaktene kan det. Som de sikkert forstår kan me heller ikkje gi noko råd. Denne nettsida vert oppdatert etter kvart som det kjem informasjon frå sentrale styresmakter. Dersom de ønskjer å utsette vigselen så gi oss beskjed. Me vil legge til rette for alternative datoar etter dykkar ønskje, så langt det høver inn i våre planar.

Korleis vert ein seremoni i kyrkja så lenge førebyggande tiltak gjeld

Det er ikkje gjort unntak for andre seremoniar enn gravferder når det gjeld samling av personar i våre bygg. Presten  vil gi nærare rettleiing for kvar enkelt seremoni. Normalt vil desse personane kunne vere til stades ved ein vigsel: brudeparet, forlovarane, presten, organist, kyrkjetenar. Alle må rette seg etter gjeldande smitteførebyggande tiltak. Om andre og kor mange som kan delta vert vurdert forløpande. 

Kontakt

Ta kontakt med oss, så hjelper me med informasjon og løysingar så langt det er mogeleg.

E-post:                 post.oygarden@kyrkja.no

Telefon:                55 09 74 40  måndag-fredag 10-14

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Åpningstider resepsjon:
Måndag - fredag kl. 10-14

Telefon: 55 09 74 40
post.oygarden@kyrkja.no

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

Bankkonto: 1506.35.46515
OCR: -   1560.35.46523

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"