Andakt 26.04.20 - Den gode gjetaren!

I teksta vår samanliknar Jesus seg med ein gjetar som tar vare på sauene sine. Biletet vert nytta fleire gongar i Bibelen, både i det gamle og det nye testamentet, og handlar om Guds omsorg for menneska. Kva er likskapen mellom sau og gjetar, og oss og Gud? Og Kva er gjetaren sine oppgåver?

Andakt 26.04.20 - Den gode gjetaren!


Joh 10, 11-18 - Den gode gjetaren

Eg får fine bilder i hovudet, når det er snakk om sauer. Det er tid for lamming, og vi kan sjå sauer og lam ute på markane. Eg vaks opp på eit småbruk. Bestemor og bestefar bygde det opp og dreiv det, til mamma og pappa overtok. Eg har gode minner om bestemor med sauene rundt seg. Ho hadde navn på dei, og kjente dei. Ho tok vare på dei og jobba hardt, både sommar og vinter, for at dei skulle ha det bra. I lammingstida nærmast budde ho i fjøset, for å vere der og sjå til at alt gjekk bra med sau og lam.

I teksta vår samanliknar Jesus seg med ein gjetar som tar vare på sauene sine. Biletet brukast fleire gongar i Bibelen, både i det gamle og det nye testamentet, og handlar om Guds omsorg for menneska. Kva er likskapen mellom sau og gjetar, og oss og Gud? Og Kva er gjetaren sine oppgåver?

I Salme 23 i GT, får vi vite om nokre av oppgåvene:                                   
- Å finna godt beite og gode vasskjelder, så sauene har det dei treng. Grøne enger der dei kan ete seg mette og kvile, og vatn til å slukke tørsten. Gud har omsorg for det vi treng.
- Å lede sauene, og undervegs skal han verne dei mot farar. Han stikk ikkje av når farar truer. Då bruker han kjeppen for å halde villdyr unna. Og han bruker gjetarstaven for å halde saueflokken samla, så ingen rotar seg bort frå gjetaren og blir eit lett bytte for villdyr. Gud vil ikkje overlate oss til oss sjølve når vi er i fare og naud.

I Joh 10 kaller Jesus seg sjølv Den gode gjetaren som:
- kjenner sine sauer, og dei kjenner han. På same måte er Gud  ein nær gud, som kjenner oss.
- sett alt inn på å verne sauene sitt liv, til og med sitt eige liv. I påskebodskapet ser vi korleis Jesus ga sitt liv for å redde oss. Han gjorde det frivillig, for å vise oss Guds kjærleik til oss. Og han tok livet tilbake. Døden kunne ikkje halde han fast. Gud har laga ein veg for oss, gjennom døden ut i livet igjen. Gud gir oss evig liv, så vi aldri i eva skal gå tapt. Slik er vi også alltid tatt vare på av Gud.
- held dei fast, så ingen kan rive sauene ut av handa hans. Uansett fare. Denne lojaliteten og styrken er det i Guds omsorg og kjærleik for oss også. Det kan vi stole på, også i tøffe tider.

I teksta snakkar Jesus også om ein «leiekar», ein vikar. Kontrasten mellom han og Den gode gjetaren er stor: Når Den gode gjetaren sett sitt eige liv på spel, for å verne sauene mot rovdyr, rømmer leiekaren. Han har ikkje omsorg for sauene, men tenker på seg sjølv. Han lar ulven herje fritt med sauene, og reddar sitt eige skinn. Den gode gjetaren si lojale omsorg, gir sauene tryggleik og ro. På same måte er Gud vår trygge medvandrar, midt i alt vi møter i livet.

Biletet av Den gode gjetaren viser oss korleis forholdet kan vere mellom oss og Gud. Gud vil gi oss det vi treng for å leve, leier oss på gode vegar som fører oss fram til ”oasar” undervegs og det gode målet til slutt. Han vil vere hos oss når vi møter det vonde og halde oss fast. Han vil ikkje at vi skal gå tapt.

Andakt skriven av kapellan Kirsti Evensen Bjåstad

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"