Andakt, Fastelavn

Tida fyk avgarde. Eg syns det akkurat var jul og vi kasta ut juletreet, og så er det brått fastelavn og frampeik mot påske. Eg veit ikkje heilt kvar dagane vart av. Men no er vi her. Fastelavn. Eg tenkjer på denne dagen som ei slags mellomlanding. Ein festdag der ein gler seg over alle dei gode tinga i livet som er gitt oss av Gud. Ofte er fastelavn og faste forbunde med mat. Men eg tenkjer det er så mykje meir enn det.

Foto fra pexels.com

Mandag 15.februar blir mor mi 80 år. Og vi har planlagt ein zoom-middag for ho på søndag med nokre nærkontakter i stua, men også dei ho er glad i som er i andre deler av landet og i andre land skal ete i lag via zoom. Vi skal prøve å lage fest utan å vere i lag fysisk.

Og korleis lagar ein eigentleg ein god fest i våre dagar. No tenker eg ikkje berre på grunn av korona. Men kva er det som kjenneteiknar ein god fest? Er det pynten, delikatessene, korleis maten ligg på tallerkenen, drikkevarene? Kor mykje må vere på stell for at ein verkeleg kan ha ein god fest? Eg las ein artikkel ein gang av Emma Audas i bladet Strek. Ho skriv: «Det er ikkje det som står på bordet som avgjør om det blir fest. En fest blir en fest fordi vi er takknemlige for det vi er en del av».

Å sette seg ned og dele eit måltid i lag er meir enn berre å ete. Det er fellesskap, prat, glede, ei kjensle av å høyre til og vere ein del av noko. Å dele med kvarandre mat, drikke og fellesskap.

Og så heng festen og fasten saman. Begge deler skal på eit vis minne oss om det vi har fått. Festen ved å ta del i, bruke det og nyte det. Fasten ved å avstå frå det så ein kan kjenne at ein saknar det, og treng det. Eller kanskje ikkje treng det. Å feste heile tida, eller nyte godt av ustanseleg, gjer oss sløve og utakknemlege. Men om vi blir minna på kva vi faktisk har gjennom å bli det fratatt, da trur eg vi kan kjenne ei djupare takksemd. Noko kanskje mange har opplevd dette siste året.

Fastelavn peikar og framover mot det som skal komme. Påska si fortelling om sorg og død endar i glede. Og enda betre; den endar ikkje. Den har gitt oss gudstenestefellesskapet og nattverdsfelleskapet der vi deler kjærleikens vin og brød. Den har gitt oss sjansen til å binde saman brutte relasjonar og øydelagte liv. Den har gitt oss håpet om ein dag å få dele fellesskap igjen med dei som vi har mista og som vi lengtar etter. Må Gud gje oss takknemlige hjarte så vi klarer å sjå det vi er ein del av.

Andakt Sulaposten veke 6
Tekst: Joh. 12, 20-33
Av Barbro Godø Thomassen

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"