Andakt: Eg er litt "lost"!

I desse underlege dagane har ei andakt Karsten Ischasen skreiv for mange år sidan, dukka opp i hovudet mitt. Det handla om Lundefuglmora. Mens ungen fortsatt er i egget, lærer ho å kjenne igjen skriket til barnet. Fuglemora kan derfor finne igjen barnet sitt sjølv om det roter seg bort i det kaotiske og enorme fuglefjellet.

Eg er litt “lost”

I desse underlege dagane har ei andakt Karsten Ischasen skreiv for mange år sidan, dukka opp i hovudet mitt. Det handla om Lundefuglmora. Mens ungen fortsatt er i egget, lærer ho å kjenne igjen skriket til barnet. Fuglemora kan derfor finne igjen barnet sitt sjølv om det roter seg bort i det
kaotiske og enorme fuglefjellet.

Alle som har blitt livredde når eit lite barn forsvinn mellom reolane på Moa, kan forstå kor praktisk dette er. Mens vi må virre fortvila rundt å leite, kan Lundefuglmora sveve over kaoset, kjenne igjen skriket til ungen, og stupe ned på rett stad. 

Kanskje kjem eg på denne andakta no fordi eg har ei uro eg ikke har kjent før. Eg er litt “lost”
- denne sjølvsagte tryggleiken det kvardagslege og normale gir, er borte. Korleis blir utfallet av dette? 

I Bibelen er fuglemoras beskyttande omsorg for ungen eit bilete på Gud. Eg har ingen teoretisk forklaring på kva det betyr, men biletet gjev ro midt i uroa. 

Bønn:

Å Kristus,

Medan vi framleis leitar etter deg,

Har du funne oss.

Same kor fattig vår bøn er,

høyrer du oss betre enn vi kan tenkje oss eller tru.


(Etter Broder Roger, Taizé. Omsett av Oskar Stein Bjørlykke 1999)

 

Andakt av Sokneprest Anders Grytten 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
kyrkjekontoret@sula.kommune.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Råsa 41, Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"