Andakt: Gud med oss - frå lilla til kvitt!

Det er fastetid, og lilla er farga vi brukar i kyrkja då. Den symboliserer ettertanke, førebuing, oppgjer og sorg. Vi førebur oss på å ta imot påskebodskapen, og samtidig flyttar vi fokus mot menneske som lid av ulike årsaker. Midt i fasta sin litt tunge og alvorlege symbolikk, kjem Maria bodskapsdag med si lette kvitfarge. Kvitt symboliserer glede, fest, reinleik og uskuld.

Bilde venstre og høgre: Detalj frå stolaer av Bjørg Hustad - Skyttelvev.no

Det er fastetid, og lilla er farga vi brukar i kyrkja då. Den symboliserer ettertanke, førebuing, oppgjer og sorg. Vi førebur oss på å ta imot påskebodskapen, og samtidig flyttar vi fokus mot menneske som lid av ulike årsaker.

I år er fastetida annleis, for samtidig med fastetida kom denne tunge situasjonen vi lever i no. Alvoret har treft oss hardt, i møte med smittefare, sjukdom, avstenging og avlysing av det liva våre er fylt med til vanleg. Mykje av det som gir livet rytme og meining, er tatt frå oss for ei stund, og vi veit ikkje kor lenge. Frykta ligg der som ein klump i magen, og hovudet kvernar rundt helsa til våre kjære, framtida for oss og ungane, faren for konkursar og alt denne krisa kan skade. Og grunnen til alvoret har ein heilt fysisk, biologisk bakgrunn: Eit virus, ein sjukdom, det gjeld kroppane våre.

Midt i fasta sin litt tunge og alvorlege symbolikk, kjem Maria bodskapsdag med si lette kvitfarge. Kvitt symboliserer glede, fest, reinleik og uskuld. Festen bryt seg inn i fastetida sitt alvor. Festen har ein heilt fysisk og biologisk bakgrunn: Det er 9 månader til feiringa av Jesus sin fødsel. Det handlar om Maria sin kropp, og at Gud blir ein kropp, blir mennesket Jesus. Maria bar han fram med sin kropp. Det innebar uro, bekymring og strev. Gleda knytt til Maria bodskapsdage handlar ikkje om ein romantisk draum om ei rosenraud spedbarnstid. Gleda går mykje djupare: Gud bryt inn i vårt mørke. Han sprenger veg for lys inn i vårt strev, uro, angst og naud.

Barnet som kjem til oss kallast Immanuel: Gud med oss. Namnet Maria og Josef gav han var Jesus: Gud frelser. I historiene om Jesus, slik vi finn dei i evangelia, ser vi korleis Jesus lever opp til namnet sitt. Hans møtte menneska og deira personlege skjebnar, lyste opp i deira mørke og gav håp. Han er «Gud med oss». Han møter oss med det same lyset, inn i vårt mørke. Ham er Gud som vandrar med oss. Og som engelen sa til Maria, seier Jesus til oss: Ver ikkje redde! Han kjem med fred inn i all uro og krise.

Fastetida og Maria bodskapsdag utfordrar oss til å sjå kvarandre, og bære håpet til kvarandre.

Andakt av kapellan Kirsti Evensen Bjåstad

Jes. 7, 10-14
Gal. 4, 4-7
Luk. 1, 26-38

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"