1.klasseboka er eit av dei store høgdepunkta i kyrkjelyden i løpet av året. På to opplevingssamlingar og 1 gudsteneste blir kyrkjene fyllt av forventningsfulle 1.klassingar. Denne gangen blir gudstenesta også stor karnevalsgudsteneste med påfølgande utvida kyrkjekaffi.
På samlinga skal vi bli meir kjent i kyrkja og med gudstenesta. Vi skal og førebu oss til karnevalsgudstenesta, der det vert delt ut bok til 1.klassingane. Kanskje kan vi også prøve å finne ut kor stor Gud eigentleg er? Til slutt et vi litt saman.
Opplevingssamlingane blir i Indre Sula kyrkje måndag 24.februar og Langevåg kyrkje torsdag 27.februar. Begge dagar er tidspunkta 17.30-19.15. Ver venleg å fyll ut kva for ei av samlingane de kjem på i påmeldinga, så veit vi kor mykje mat vi må handle inn:-)
Søndag 2.mars inviterer vi altså til karnevalsgudsteneste. Her er det lov å kle seg ut for både vaksne og barn, men det er sjølvsagt lov å kome akkurat som ein er også:-). Barnekoret Blessing deltar, og 1.klassingane får utdelt 1.klasseboka si i løpet av gudstenesta.
Etter gudstenesta blir det utvida kyrkjekaffi med ulike karnevalsaktivitetar, og det blir også tombola til inntekt for misjonsprosjektet vårt. Vi håper og trur dette blir ein festdag som start på fastetida, akkurat slik eit karneval skal vere.
Velkomen!