Ledig vikariat i 70-100% stilling som kyrkjelydspedagog

VIL DU VERE MED PÅ LAGET? Sula kyrkjelyd søkjer no etter ein aktiv medspelar på laget. I staben har vi for tida: sokneprest, kapellan, kantor, kateket, kyrkjelydspedagog, diakon, sekretær, kyrkjetenar og kyrkjeverje. Sula sokn er med i trusopplærings-arbeidet i Nordre Sunnmøre prosti, og har sett “størst i Guds rike - med Jesus som ven” som tema for denne satsinga for barn og ungdom.

Ledig vikariat som kyrkjelydspedagog

Trusopplæringa i Sula er delt inn i tre hovudfasar: 0-3 år, 3-12 år og 12-18 år. Kateket, kyrkjelydspedagog, diakon, prestane og kantor samarbeider om gjennomføringa av dei ulike tiltaka, men kvar fase har ein hovudansvarleg.

Det er to kyrkjer i soknet. Langevåg kyrkje, i tettstaden Langevåg og Indre Sula kyrkje, ei nyare arbeidskyrkje på indre delen av kommunen. Det er ca. 10 km avstand mellom desse kyrkjene. Kyrkjelyden sine kontorfunksjonar er samla i Langevåg, med eiga kontoravdeling i Rådhuset.

Sula kommune er ei kommune i vekst og ei nabokommune til Ålesund. Kommunen har eit folketal på ca. 9000, og kommune og sokn har same grenser. Her er vakker natur og av den grunn rikt høve til friluftsliv. I kommunen er det 8 barnehagar, 3 barneskuler og ein ungdomsskule.

I Sula sokn lysast no ut ei 70-100 % vikarstilling som kyrkjelydspedagog ut juni 2024. Oppstart snarast. Den som vert tilsett vil arbeide i team med dei andre undervisningsstillingane, og arbeidsfordelinga vert sett opp i lag med dei.

Arbeidsområder:

  • Planlegge, leie og utvikle trusopplæringstiltak i høve vedtatt trusopplæringsplan
  • Koordinering, administrasjon og deltaking i konfirmantundervisning i samråd med øvrig stab og under leiing av kateket.
  • Rekruttere og administrere frivillige medarbeidere til trosupplæringstiltak.
  • Planlegge og følge opp samarbeid med skule og barnehage
  • Administrative oppgåver vil kunne bli pålagt stillinga
  • Ein må rekne med noko kvelds- og helge-jobbing
Kvalifikasjonar:
  • Vi søkjer etter deg som har utdanning innan kristendom/teologi og pedagogikk eller annan relevant utdanning
  • Ønskeleg med kristendom fagleg kompetanse og erfaring frå barne- og ungdomsarbeid/trusopplæringsarbeid i kyrkjelyd
  • Søker må være medlem av Den norske kyrkja og arbeide etter kyrkja sitt trus- og verdigrunnlag.
  • Interesse og erfaring fra bruk av sosiale medier og andre kommunikasjonskanaler
  • Må beherske norsk skriftleg og muntleg
Personleg eigenskapar
  • Erfaring frå undervisning og/eller kristent barne- og ungdomsarbeid
  • Engasjert for arbeid med undervisning og trus formidling til born og ungdom
  • Gode evner til samarbeid, planlegging og arbeide sjølvstendig
  • Gode evner til formidling, kommunikasjon og relasjonsbygging
  • Evne til å ta initiativ, vere kreativ, raus og inkluderande
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
  • Engasjerte og fagleg dyktige kollegaer i tverrfagleg stab
  • Varierte arbeidsoppgåver i trivelege omgjevnader
  • Spennande og allsidige arbeidsoppgåver
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter gjeldande tariff i den Norske kyrkje

Opplysningar om stillinga kan ein få ved Sula kyrkjekontor tlf. 70 19 96 00.
Informasjon om Sula kyrkjelyd er også tilgjengeleg på heimesida vår: kyrkja.no/sula

Send inn søknaden din her via kirkejobb.no

Attestar og vitnemål må takast med ved eventuelt intervju.
Det vert kravd framlagt politiattest ved tilsetting.

Søknadsfrist: 17. september.
Startdato: snarast etter avtale.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"