Årets fasteaksjon blir digital!

I år som ifjor blir FASTEAKSJONEN 2021 digital. Det betyr at det ikkje kjem nokon bøssebærar på døra di dette året. Vil du vere med å hjelpe nokon som ikkje har tilgang på reint vatn? I fjor samla vi i Sula kyrkjelyd inn ca 74 000kr, og vi håper at vi kan klare like mykje dette året! Nytt av året er at vi nyttar Spleis som digital innsamlingssbøsse og vi vonar at vi saman kan være med å FORANDRE. FOR ANDRE!

Årets fasteaksjon blir digital!

Støtt Sula sokn si bøsse for reint vatn!

Alle pengane som blir samla inn går til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid for menneske i nød.

I dag lever 785 millionar menneske i verda utan tilgang til reint vatn. Aldri før har reint vatn og såpe vore så viktig som under pandemien. Hjelp Kirkens Nødhjelp å bygge fleire brønnar og redde fleire liv. For 250 kr kan du gi eit menneske tilgang til reint vatn resten av livet.
Bli med! Forandre. For andre.

Fasteaksjonen er den andre største innsamlingsaksjonen i Noreg, og har vore arrangert i over 50 år. Tidligare år har det vore flotte konfirmanter saman med andre frivillige i kyrkjelyden som har stått for bøssebæringa. Dei bankar på i nærmiljøet og saman gir vi reint vatn til menneske som ikkje har tilgang til det. I fjor blei innsamlinga heildigital og dessverre gjer pandemien det vanskeleg å gå frå dør til dør også i år. Vi set svært stor pris på om du støttar vår digitale bøsse. Reint vatn er viktigare enn nokon gong.

I fjor samla vi i Sula kyrkjelyd inn ca 74 000kr, og vi håper at vi kan klare like mykje dette året! Hjelp oss å dele denne digitale bøssa på facebook,instagram, messenger og andre sosiale medier, slik at vi når ut til flest mogeleg på Sula.

Tusen takk for di livsviktige støtte.

Støtt spleisen her!

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"