Klar oppfordring frå konfirmantane våre: Bli med som bøsseberarar 28. mars!

Ver med å gå ein livreddande kveldstur – Bli med som bøsseberar! Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon er i dag den nest største innsamlingsaksjonen i Norge, etter TV-aksjonen. Ei veke før påske går rundt 40. 000 frivillige bøsseberarar fra 1200 norske kyrkjelydar frå dør til dør over heile landet og samler inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid. Ta godt imot våre konfirmantar og frivillige som kjem på døra di tirsdag 28. mars.

Øverst frå venstre: Magnus Bakken Fylling, Sivert Lausund Urkedal, Emrik Østrem Vartdal Nedst frå venstre: Vilde Mari Uri Tønnesen, Madelen Midtgaard, Emma Svensson Aarseth

Du har hjelpt, i Aleppo og Ukraina

Pengane frå Fasteaksjonen i fjor gjorde at Kirkens Nødhjelp kunne hjelpe med ein gong, då jordskjelvet ramma mange million mennesker i Syria i februar. No førebur vi årets aksjon som går av stabelen tysdag 28.mars.

Natt til 6. februar ramma eit svært kraftig jordskjelv i eit frå før hardt krigsramma område i Syria, mellom anna Aleppo. Alle reie første døgnet kunne Kirkens Nødhjelp hjelpe med vatn, varm mat, teppe og madrasser. Og ikkje minst tok dei særleg hand om barn som trengte det.

På liknande vis er Kirkens Nødhjelp på plass i Ukraina der nauda er stor.

Over 100.000,- frå Sula

Alt dette har vore mogleg takka vere pengar som vart samla inn blant anna på Sula under fjorårets Fasteaksjon. Då fekk vi for første gong inn over 100.000,- kroner her på øya. Vi håper på like godt resultat i år. Aksjonsdagen er tirsdag før palmesøndag, altså 28. mars.

Også næringslivet har gitt

Konfirmantar, frivillige og tilsette i Sula kyrkjelyd – og ikkje minst alle som gir til aksjonen – kjem til å gjere ein livsviktig forskjell for dei som manglar så mykje meir enn vi gjer. Fleire gjevarar frå næringslivet har også allereie bidratt.

Aksjonen har i år fått tittelen «Håp i ein drope vatn».
For eit håp kan faktisk byrje med ein drope vatn!

Fekk brønn – kan bli lege

Vatn kan endre eit liv, ein landsby og eit land. Femtenåringen Deodata Julius i Tanzania er eit godt eksempel på det. Før måtte ho gå tre timar to gongar dagleg for å hente vatn til familien. Ho vart trøytt og sliten, og droppa ofte skulen. Då landsbyen fekk brønn, byrja Deodata på skulen igjen. No drøymer ho om å bli lege.

Tilgang til reint vatn gir positive ringverknader, og har forandra livet i landsbyen Deodata bur i. Vassborne sjukdomar er reduserte, og reint vatn har ført til betre helse. Bøndene har effektivisert jordbruket. Smarte dryppsystem gjer at dei kan tredoble inntektene, og stå betre rusta mot klimaendringar. Det er håp i ein drope vatn!

Fasteaksjonen gjev Kirkens Nødhjelp handlingsrommet ein treng for å endre liv på sikt, men også styrke til å redde liv i akutte kriser og katastrofar.

Vi håper at du vil støtte, enten som bøsseberar, sjåfør eller glad givar. Ditt bidrag kan endre liv!

Håpefull helsing

KN-kontakt June Skodje Skaar og diakon Ingvild Snipsøyr, Sula sokn

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"