Kveldens tema er:
Kva om livet aldri blir perfekt?
Det blir spanande å høyre kva sokneprest Anders Grytten vil snakke om kring dette temaet.
God Kveld! -kveldsgudsteneste er ein utruleg fin samlingsstad. Det er noko med det når haustmørket senkar seg og ein kan få komme til kyrkja og bare være. Her er døra open for alle som ynskjer å ta del i ein litt anna type gudsteneste. Det er eige band som spelar og forsangarar som leverer aktuell musikk som kan passe med kveldens tema, ein har mulighet til å gå til nattverd og det blir servert enkel kyrkjekaffi.
Har du lenge lurt på kva God Kveld! eigentleg er - så oppfordrar vi deg til å komme.
Det kan fort være at du likar deg veldig godt!
Vi ynskjer alle velkomen!
I høve God Kveld! gudstenestene så er det rom for fleire besøkande i kyrkja.
Vi minner om at ein ved ankomst kyrkja må skrive seg inn i namneprotokoll i høve smittesporing. Denne lista blir sletta etter 10 dagar.