Hausten i Sula kyrkjelyd

Hausten med sine vakre fargar er komen til Sula og dei kyrkjelege handlingane i kyrkjene våre er komt godt i gang etter årets sommarferie. Sjølvsagt er det ikkje like fullt program som det vanlegvis er, men det har jo sin årsak i den situasjonen vi er i no.

Det skjer ein del kyrkjelege handlingar utover hausten.

Gudstenester
Kvar søndag er det gudsteneste i ei av kyrkjene våre. Desse gudstenestene er opna opp for alle, men det er restriksjonar på kor mange som kan komme. I Langevåg kyrkje er det kapasitet til 200 stk, mens det i Indre Sula kyrkje er kapasitet til 110 stk. i høve smittevern. Ein må skrive seg på namneprotokoll ved ankomst kyrkja i høve smittesporing. Listene blir sletta etter 10 dagar.

Det er godt å kunne få lov til å komme saman på gudsteneste og ta imot Guds ord og velsigning. Med kyrkjelege handlingar som nattverd, dåp, vigsel og konfirmasjonar kan vi på trygg avstand få ta del i desse saman.

Vi har i haust hatt greit besøk på gudstenester, men vi må understreke at vi har plass til fleire. Det har enda ikkje vore heilt fullt i høve kapasitet og smittevern. Så saknar du kyrkja og vil delta så er du hjarteleg velkomen!

God Kveld! gudstenesta startar opp igjen i haust. Dette er ei enkel gudsteneste, med aktuelt tema og fin musikk. Ein litt annaleis kveldsgudsteneste som er verdt å få med seg. Første gong i haust er søndag 11.10 kl. 19:30 i Indre Sula kyrkje. Det vert også ein God Kveld! gudsteneste søndag 22.11.

Søndagsskulen
Søndagsskulen er også i full gang og dei er anten med under gudstenesta kvar søndag eller dei drar på utflukter og har eigne barnegudstenester. Følg med på facegruppa vår: Sula kyrkjelyd for å følge med på neste arrangement til søndagsskulen. Kjekt for både store og små! 

Babysong
Kvar mandag i Indre Sula kyrkje fra kl. 12-14 er det babysong. På grunn av dagens situasjon så har vi i år sett oss nødt til å ha påmelding til babysong. Dette er ei kjekk stund for foreldre og babyar/born frå 0-2 år. Her syng vi og leikar ilag og et medbrakt niste ilag. Vi serverar varm og kald drikke.

Konfirmasjonar
Vårens konfirmasjonar vart i år utsatt og vi er no i full gang med å feire konfirmantane våre. Endeleg! Konfirmasjonshelgene denne hausten er 19-20 setember, 26-27 september og 17. oktober. Desse gudstenestene er kun for konfirmantane og deira spesilet inviterte.

Trusopplæring
Vi planlegg ulike trusopplæringstiltak i løpet av hausten og i førjulstida. Dette blir publisert så snart vi har det på plass. 

Dåp
Det har vært stort påtrykk på dåp etter at samfunnet opna opp igjen. Så høsten har gledeligvis hatt mange dåpsborn i gudstenesta. I oktober så er det så og sei fullt opp alt, men vi har framleis ledig kapasitet i november og desmber. For påmelding til dåp - følg linken: http://sula.dnn2.labora-portal.no/nn-no/

Vi ynskjer alle velkomen til hausten i Sula sokn!

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Mandag-fredag 10:00-14:00

E-post
kyrkjekontoret@sula.kommune.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Råsa 41, Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"