Ledig 100% stilling som kateket

Sula kyrkjelyd søkjer no etter ein aktiv medspelar på laget. I staben har vi for tida: sokneprest, kapellan, kantor, kateket, kyrkjelydspedagog, diakon, konsulent, kyrkjetenar og kyrkjeverje. Sula sokn har gudsteneste og barne- og ungdomsarbeid som satsingsområde. Sula sokn er med i trusopplærings-arbeidet i Nordre Sunnmøre prosti, og har sett “størst i Guds rike - med Jesus som ven” som tema for denne satsinga for barn og ungdom.

Kateket - Sula sokn.

Trusopplæringa i Sula er delt inn i tre hovud fasar: 0-3 år, 3-12 år og 12-18 år. Kateket, kyrkjelydspedagog, diakon, prestane og kantor samarbeider om gjennomføringa av dei ulike tiltaka, men kvar fase har ein hovudansvarleg. 

Sula kommune er ei kommune i vekst og ei nabokommune til Ålesund. Kommunen har eit folketal på ca. 9000, og kommune og sokn har same grenser. Her er vakker natur og av den grunn rikt høve til friluftsliv. I kommunen er det 4 kommunale og 5 private barnehagar, 3 barneskuler og ein ungdomsskule. I Sula sokn lysast no ut ei 100 % stilling som kateket. Oppstart snarast. Den som vert tilsett vil arbeide i team med dei andre undervisningsstillingane, og arbeidsfordelinga vert sett opp i lag med dei.

Arbeidsoppgåver:

  • Konfirmantundervisning og leie kyrkjelyden sitt konfirmantarbeid
  • Leie og vere fagleg ansvarleg for kyrkjelyden sitt trusopplærings- og undervisningsarbeid for barn og unge
  • Organisere og delta i planlegging og gjennomføring av samlingar og gudstenester der barn og unge er ei serskild målgruppe
  • Leie kyrkjelyden sitt samarbeid mellom kyrkje, barnehage og skule
  • Rekruttering og oppfølging av frivillige i trusopplæringa
  • Ein må rekne med noko kvelds- og helge-jobbing

Kvalifikasjonar

  • Pedagogisk utdanning /utdanning i samsvar med Tenesteordning for kateket i DNK.
  • Søkarar som har utdanning innan kristendom/teologi og pedagogikk eller annan relevant utdanning vil også bli vurdert.
  • Ønskeleg med kristendom fagleg kompetanse og erfaring frå barne- og ungdomsarbeid/trusopplæringsarbeid i kyrkjelyd
  • Søker må være medlem av den norske kyrkja og arbeide etter kyrkja sitt trus- og verdigrunnlag.
  • Må beherske norsk skriftlig og muntlig

Personlege eigenskapar:

  • Erfaring frå undervisning og/eller kristent barne- og ungdomsarbeid
  • Gode pedagogiske og administrative evner
  • Gode evner til samarbeid og planlegging
  • Gode evner til formidling, kommunikasjon og relasjonsbygging
  • Engasjert for arbeid med undervisning og trusformidling til born og ungdom.
  • Evne til å ta initiativ, vere kreativ, raus og inkluderande
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr:

  • Engasjerte og fagleg dyktige kollegaer i tverrfagleg stab
  • Varierte arbeidsoppgåver i trivelege omgjevnader
  • Spennande og allsidige arbeidsoppgåver
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter gjeldande tariff i den norske kyrkja

SØK PÅ STILLINGA HER!

Søknadsfrist: 11. august 2023.

Opplysningar om stillinga kan ein få ved Sula kyrkjekontor tlf. 70 19 96 00.
Informasjon om Sula kyrkjelyd er også tilgjengeleg på heimesida vår: kyrkja.no/sula

Attestar og vitnemål må takast med ved eventuelt intervju.

Det vert kravd framlagt politiattest ved tilsetting.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"