Kirkens SOS Møre og Romsdal er takksame for å kunne stå saman med Sula kyrkjelyd om sitt diakonale oppdrag: å omsettje Jesu nestekjærleik i praksis ved å ha tid til, ha tru på og gi håp for menneske i krise.
Kirkens SOS Møre og Romsdal startar nytt innføringskurs den 27.september.
Året som ligg bak har på nytt vist kor viktig det er å ha døgnopen kriseteneste. Under koronapandemien har samtalane vore lengre og meir alvorlege. Mange av dei som tek kontakt med Kirkens SOS er einsame og strevar med livet - mange har også tankar om at dei ikkje orkar å leve lengre.
Å bli lytta til av ein frivillig i Kirkens SOS kan være det som gir livsmot og nytt håp. Dei treng no fleire frivillige til å ha samtale med folk som slit og har det vanskeleg. Nytt innføringskurs startar mandag 27. september og blir halde digitalt. Kurset gir solid innføring i tenesta som frivillig.
For meir informasjon om kurset og kontaktinformasjon til Kirkens SOS Møre og Romsdal - klikk på "Kursprogram høst 2021" eller sjekk ut kirkens-sos.no/frivillig