Kirkens SOS treng fleire frivillige!

Kirkens SOS Møre og Romsdal treng fleire frivillige og startar nytt digitalt innføringskurs den 27. september. Året som ligg bak har på nytt vist kor viktig det er å ha ein døgnopen kriseteneste. Å bli lytta til av ein frivillig i Kirkens SOS kan vere det som gir livsmot og nytt håp. Vil du vere med å vise nestekjærleik for andre som frivillig i Kirkens SOS?

Kirkens SOS treng fleire frivillige!

Kirkens SOS Møre og Romsdal er takksame for å kunne stå saman med Sula kyrkjelyd om sitt diakonale oppdrag: å omsettje Jesu nestekjærleik i praksis ved å ha tid til, ha tru på og gi håp for menneske i krise.

Kirkens SOS Møre og Romsdal startar nytt innføringskurs den 27.september. 

Året som ligg bak har på nytt vist kor viktig det er å ha døgnopen kriseteneste. Under koronapandemien har samtalane vore lengre og meir alvorlege. Mange av dei som tek kontakt med Kirkens SOS er einsame og strevar med livet - mange har også tankar om at dei ikkje orkar å leve lengre.

Å bli lytta til av ein frivillig i Kirkens SOS kan være det som gir livsmot og nytt håp. Dei treng no fleire frivillige til å ha samtale med folk som slit og har det vanskeleg. Nytt innføringskurs startar mandag 27. september og blir halde digitalt. Kurset gir solid innføring i tenesta som frivillig.

For meir informasjon om kurset og kontaktinformasjon til Kirkens SOS Møre og Romsdal - klikk på "Kursprogram høst 2021" eller sjekk ut kirkens-sos.no/frivillig

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"