Er du konfirmant neste år? Påmelding!

Vi har no sendt ut informasjonbrev og konfirmantbrosjyre til neste års konfirmantar i postkassa (brosjyre ligg også vedlagt denne saken). Vi vonar at du gler deg til å høyre frå oss og få eit innblikk i kva opplegg vi kan tilby. Link til påmeldingsskjema finn du i denne saken.

Er du konfirmant neste år? Påmelding!

Velkomen!
No er det din tur til å bli konfirmant i Sula kyrkjelyd!

Ei viktig tid - eit viktig val!
Enten du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig, er du velkomen til konfirmasjon i kyrkja.


I konfirmasjonstida får du høve til å utforske nokre av dei mange spørsmåla i livet saman med andre.    Vi snakkar om livet - på godt og vondt, om kjærleik og om Gud. Samtidig får du oppleve mykje nytt. Konfirmanttida er ei tid for å tenkje nye tankar, få nye opplevingar og kanskje nye venner! Ei tid for å lære meir om Gud, om deg sjølv og om andre mennesker. Å vere konfirmant kan vere eit naturleg val for alle døypte. Dersom du ikkje er døypt, kan du likevel vere konfirmant. Vi gjennomfører då ei dåpshandling i løpet av konfirmantåret.

Det blir digitalt informasjonsmøte onsdag 09.06.21 kl. 18.00-19.00 via facebooksida vår: Sula kyrkjelyd. 

Send gjerne inn spørsmål til oss før informasjonsmøtet. Spørsmåla kan sendast til oss via e-post: konfirmant@sula.kommune.no eller på sms til tlf.: 408 48 921. Det blir også mulighet til å stille spørsmål undervegs i live-sendinga. Vi svarar på spørsmåla som kjem inn, går igjennom opplegga og informerer om korleis ein melder seg på.

Påmelding til neste års konfirmantopplegg (opnar torsdag 10.juni kl. 18.00) 

Konfirmasjonsdatoar våren 2022:
30.04 og 01.05 - Indre Sula kyrkje, 07.05 og 08.05 - Langevåg kyrkje 

Helsing frå ansvarleg kontaktperson:
Kateket Barbro Godø Thomassen
Tlf: 408 48 921
E-post: konfirmant@sula.kommune.no

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"