Velkomen til Mangfaldsgudsteneste!

Søndag 30.04.23 midt i God kveld! tid kl. 19.30 i Indre Sula kyrkje blir det mangfaldgudsteneste: Vi skal feire mangfaldet i samfunnet, og stiller spørsmålet: Er kyrkja for alle?

Velkomen til Mangfaldsgudsteneste!

For første gong skal kyrkja på Sula arrangere Mangfaldsgudsteneste, og det skjer på Indre Sula kyrkje 30. april. «Vi er glad og stolt over at soknerådet sa ja til dette», seier sokneprest Anders Barstad. Han seier vidare at «Vi skal feire mangfaldet i samfunnet, og vi skal stille spørsmålet: Er kyrkja for alle?»

Denne gongen set messa fokus på dei med LHBT+ identitet mellom oss. Vi får besøk av Kaja Haugstvedt og Robert Erstad Molvær, som representerer LBHT+ - rørsla på kvar sin måte. Saman med soknepresten skal dei ha ein samtale om korleis det er å kome til kyrkja, og ikkje vere heilt slik som samfunnet kallar A4. Dei deltek også i gudstenesta. Kaja som medliturg, medan Robert skal bidra musikalsk.

Vi håper at mangfaldsgudstenestene skal bli regelmessige, og at vi skal få feire mangfaldet i kyrkja, både i desse gudstenestene og elles i rikt monn i tida som kjem.

Soknepresten seier «Målet må vere at mangfaldsgudstenester skal gjere seg sjølv overflødige. Mangfaldet skal vere ein sjølvsagt ting i kyrkja, men enn så lenge trur eg desse gudstenestene er viktige.»

Han seier vidare: «Ei slik gudsteneste, med desse deltakarane, ville ofte bli kalla Regnbogemesse. Det er eit flott ord, også ønsker vi å markere at kyrkja er mangfaldig. Vi kjem til å invitere inn ulike menneske i framtida, som samfunnet ofte definerar utanfor det som er A4.»

GodKveld-gudstenestene i Indre Sula kyrkje finn stad om lag ein gong i månaden, og er ein annleis gudsteneste, med god musikk og litt alvor.

Pressemelding, Sulaposten veke 17 2023

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"