Offer julaftan går til Kirkens Nødhjelp - Gi ei julegåve som kan forandre liv!

Eit barn er oss fødd. Oss. Barnet er ikkje ein av dei andre. Ikkje ein framand. Ikkje ein fiende. Barnet sameinar oss. Forandrar oss. Får oss til å opna hjarto våre for kvarandre. Og for andre. «Det krev ein heil landsby å oppdra eit barn», seier eit gamalt afrikansk ordtak. Men i møte med globale utfordringar som klimaendringar, pandemiar, konflikter og forskjell blir det kravd kanskje ei heil verd. Ei rettferdig verd. Ei herleg jord. Gi ei julegåve som kan redda liv og forandra liv. Saman kan vi forandra verda – for eit barn om gongen. FORANDRE. FOR ANDRE.

Foto: João Sousa . Mamma Weedad Ahmad Al-Khalaf er bekymra for framtida til dottera Talia på eitt år. Det er ikkje noko for dei å gjera i flyktningleiren i Bekaadalen, og dei har heile livet på vent

Gruar seg til ein iskald vinter!

For å halda på varmen, bur småbarnsfamilien i eit lite rom i teltet. Det var ikkje framtida dei såg for seg då dei flykta frå Syria for åtte år sidan. 

Weedad Ahmad Al-Khalaf sit utanfor teltet til familien i den vesle landsbyen Mekseh i Bekaadalen i Libanon. Rett bak ragar fjella til heimlandet Syria, ei dagleg påminning om livet som var. Landet ho måtte flykta frå for åtte år sidan.

-Livet er veldig vanskeleg for oss og vi bekymrar oss mykje for barna våre, seier ho stille.

Tre fødslar i flyktningleiren 

Før dei flykta til værutsatte Bekaa, med iskalde vintrar med mykje snø, budde ho i Um El Jurayn ikkje langt frå Aleppo i Syria. Krigen gjorde det farleg å bu der, så farleg at ho til slutt måtte flykta saman med ektemannen Mohammed Hassan Ibrahim og svigermoren Serie i 2012. No deler dei skjebne med 70.000 andre syriske flyktningar i dalen.  

Familien på tre har vorte til seks. Tre barn er fødde i flyktningleiren. Eldstemann Yousef vart fødd for fem år sidan, deretter kom lillebror Aus, som er tre år, og til slutt veslejenta Talia på eitt år. 

Alle barna våre har vakse opp her, fortel Mohammed. Noko som fyller både han og Weedad med stor sorg. -Dagane deira går med til leik, fotball og spel. Bortsett frå det så er det ikkje så mykje for dei å gjera her. Ikkje har dei skule her heller, eg er redd barna våre må veksa opp som analfabetar.

Vinteren er lang og kald i dalen. 

-Kulda og store snømassar skaper problem for oss. Vi har ikkje råd til å dekka til teltet med isolerande vern, for det er så dyrt. Derfor blir det veldig kaldt for oss, fortel Mohammed. For å halda seg varme, bur dei på eitt rom. -Der varmar vi opp, men i år er brensel ei mangelvare her i dalen. Prisane på brensel aukar, så det er vanskeleg å fyra, forklarer han.

Frå Kirkens Nødhjelp har dei fått tilgang til reint vatn og hygienepakkar.
-Vi har funne vatn her i teltet i tillegg til at vi får hygienepakkar. Vi har òg fått mykje informasjon om korleis vi kan ta vare på oss sjølv for å unngå sjukdom, seier Weedad.

Dei hadde fått både vatn og hygieneartiklar før covid-19, noko ho er veldig glad for. -Det har vore så viktig for oss at vi har hatt tilgang til vatn og såpe. Det bruker vi jo heile tida, seier ho. Behova er store for reint vatn og hygieneartiklar, samtidig som mange treng varme teppe som Kirkens Nødhjelp deler ut i Libanon.

Du kan vera med å hjelpa familiar i nød og gi dei tryggleik til jul. I Libanon kjempar folk mot covid-19 i tillegg til svolt, kulde og fattigdom. Eksplosjonen i Beirut har gjort fleire tusen heimlause og øydelagt mange liv. Saman kan vi gjera ein forskjell. Vi sørger for reint vatn og hygienepakkar til menneske på flukt, og hjelper dei som er ramma av eksplosjonen med varm mat og husly.  Samtidig jobbar vi på spreng for å forhindra spreiing av covid-19.


Slik gir du årets viktigaste julegåve:

Vipps eit valfritt beløp til 2426.

Send GAVE på sms til 2426 og gi 250 kroner.

Gåvekonto: 1594.22.87248

Kirkens Nødhjelp er norske forsamlingars eigen humanitære organisasjon, og har jobba i Libanon sidan 2013. Der jobbar vi med vatn, sanitær, hygiene og kjønnsbasert vald. På grunn av krig i nabolandet Syria har Libanon sidan 2011 opplevd ein massetilstrømming av flyktningar. Storleiken på flyktningpopulasjonen har ført til ein auke av befolkninga i landet på 25 prosent og eit enormt press på infrastruktur som vatn, fast avfall og elektrisitet og dessutan tilgjengelege offentlege tenester, særleg i helse- og utdanningssektorane. Ifølgje Lebanon Crisis Response Plan (LCRP) 2019 manglar 3 208 800 tilgang på trygt vatn. Dette kan føra til alvorlege helserisikoar og eksponering for sjukdom, særleg under overbefolkede leveforhold som enkle teltbusetjingar og husrom av dårleg kvalitet.

Av: Anette Torjusen
Foto: João Sousa 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"