Påmelding gudstenester

Grunna dei nye smittevernsrestriksjonane med tilvisning av faste plassar ved kyrkjelege arrangement har vi påmelding. Vi ynskjer velkomen til trygge gudstenester i kyrkja. Ta godt vare på kvarandre! <3

Påmelding gudstenester

Påmelding gudstenester 

       
Gudsteneste 23. januar      
Langevåg kyrkje kl. 11.00 Meld på her Ledige plassar
       
Gudsteneste 30. januar      
Indre Sula kyrkje kl. 11.00 Meld på her Ledige plassar

 

Skulle det vise seg at du skulle bli sjuk så du ikkje får nytta bestilt plass så sett vi stor pris om du kan gi ein tilbakemelding til oss i høve dette på e-post: kyrkjekontoret@sula.kommune.no, slik at vi kan tilby plassen din til nokon andre. 

 

Til info: Smittevernsrestriksjonane som kom 13.01.22 er gjeldande.

Torsdag 13.01.22 kom det nye nasjonale restriksjonar i høve smittevern for Den Norske kyrkja.
Frå fredag 14.01.22 er det på kyrkjelege arrangement tillatt  med inntil 200 personar med faste tilviste plassar. Her vil kyrkjebygga på Sula legge føringar:

I Langevåg kyrkje kan det med desse smitteverntiltaka samlast ca. 175 personar. I Indre Sula kyrkje ca. 90 personar. Tala er ikkje absolutte då samansetninga av deltakarane kan spele inn. Ein utpeikt person, med ansvar for smittevern under arrangementet, tar avgjerd om kva tid det er fullt.

Det er påmelding via kyrkja.no/sula til alle arrangement i kyrkja. 
Registrer deg/ gjer deg til kjenne i dør når du kjem og få tilvist fast plass.

Namneprotokoll, i dette høve påmeldingslista, brukast berre i høve smittesporing, og vert makulert etter 14 dagar.

Elles gjeld:

        • Hald 1-meter avstand til andre
        • Sprit hender
        • Bruk munnbind ved inn/utgang eller om du ikkje klarer å halde meteren
        • Hald deg heime om du er sjuk.


Vi tek sikte på å kunne gjennomføre dei fleste arrangement vi har på agendaen framover med forbehald om endringar og om det skulle komme ytterlegare restriksjonar.

Dei som leiger kyrkjene til eigne arrangement/konsertar er sjølve ansvarlige for å etterkomme smittevernsrestriksjonar som nevnt over.

Vi har oppretta påmelding for å innhente informasjon i høve smittesporing og for å på førehand kunne få klarlagt faste tilviste plassar.

Øvrige smittevernsreglar: Påbudt med munnbind ved innandørs arrangement i kyrkja - hand-desinfisering, 1-meters avstand, unngå klemming og handhelsing, unngå køar og samanstimling samt at ein bør halde seg heime om ein ikkje kjenner seg frisk. Ein får tilvist fast plass frå arrangør/kyrkjepersonalet.

Føring av namneprotokoll
Ordninga med namneprotokoll er eit pålegg frå myndigheitene i høve evt. smittesporing. Denne lista blir sletta etter 14 dagar. Vi vil informere om at vi no nyttar underskift og at ALLE besøkande må registrere seg i døra.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"