Utviding og rehabilitering av Indre Sula kyrkjegard

Saka er sist oppdatert 22.03.2022.

Slik ser den mest oppdaterte skissa ut. Felt K, L og M er ikkje tenkt anlagt no, men er planlagt ved neste utviding.

SISTE NYTT: 
22.03.22:

I veke 12 vil det bli utført ein forbetring i høve jorda forran gravminna. Vi har fått tilbakemeldingar om at jorda er hardpakka og at det ikkje lar seg gjere, på eigen hand, å få løyst opp i jordsmonnet. Arbeidarar vil ta føre seg felt for felt denne veka og få utbetra dette. Vi rådar de til å vente med påfylling av jord og beplanting av vårblomstrar til slutten av denne veka. 

Arkiv:
13.12.21:

Rehabilitering av dei gamle gravfelta er no ferdig. Alle gravminna er tilbakeført, og det er lagt ferdiggras på desse grevfelta. På felt A, det siste feltet det er gjort arbeid på, har ikkje graset fått satt seg. Der må det visast omsyn ved ferdsel. Vi erfarar også at det tek noko tid før vatnet finn sine vegar og kanalar i dei nye tilførte jordmassene. Det fører til meir overvatn enn forventa i periodar med store nedbørsmengder. Dette gjeld hovudsakleg A-feltet, der det har gått kortast tid. Entreprenøren har førsøkt med hurtig tiltak for å betre på dette - særleg på A-feltet. Dette har ført til noko betring men ikkje 100% tilfredsstillande. Vi er klar over problemstillinga og vil følge opp dette framover. Vi har erfart frå dei andre felta at det vil betre seg etter nokre månader, og håpar at dette også vil gjelde det siste feltet også. Då vil vatnet finne naturlege vegar ned i grunnen til dreneringslaget og leidningsnettet som no er lagt. Vi er særs godt nøgd med korleis til dømes D-feltet (lengst mot vest og sjøen) er blitt. Slik vil resten også bli med tid og stunder. Arbeidet vidare gjennom vinteren vil bestå i støyping av betongplater til benkane, fundament til gatelys og tavler, og anna arbeid som passar årstida. Når so våren kjem vert det gjenopptaking av grøntarbeid med planting av buskar og tre - og vidare arbeid. Vær vennleg å avstå frå bilkjøring ned på gravplassen, om det ikkje er absolutt nødvendig. Det vil i veke 49 bli sendt ut eit informasjonsbrev til festarar ved Indre Sula gravplass. Estimert ferdigstilling av totalrenoveringa på Indre Sula gravplass vil per no vere sommaren 2022. Pynting av gravene til jul er mogleg no.

Andre fase - Utviding og rehabilitering - status: 
Viser til informasjonsbrev av 14.04.2121 om anleggsarbeid på Indre Sula kyrkjegard og oppdatering frå arbeidet og korleis vidare progresjon ser ut til å bli. Som nevnt i eit tidlegare skriv starta arbeidet med dei nye felta (F og G) lengst vest mot sjøen, og E - og D - feltet der D-feltet er tatt i bruk. Dette arbeidet ferdigstillast før anleggsarbeidet tek sommarferie. Gravminn på D-feltet er no sett tilbake, og det er blitt lagt ferdig-gras på dette feltet. 

Etter ferien vil arbeide fortsette og dei resterande gravminna vil midlertidig bli satt vekk mens arbeidet med rehabilitering av A, B og C-feltet held på. Når graset på D-feltet no er lagt, kan dei som ynskjer det besøke sin gravstad der, og om dei vil, plante blomstrar som normalt i plantefeltet. Rehabilitering av desse gravene på D-feltet er no ferdig.
Driftsbygget og anleggsperiode er forventa på omlag 8 månader. 

NB! Vi ber om at alle lause gjenstander på kvar gravstad blir tatt vekk! Til dømes lykter, vasar, steinar og figurar som ligg laust i plantefeltet. Det skal, etter lokal kyrkjegardsvedtekter § 5, ikkje vere lause gjenstandar i der. I samband med at gravminnene no skal flyttast må difor dette fjernast. Dette vil fra etter sommareferien gjelde graver på felt A, B og C.3. mai 2018 løyvde Sula kommunestyret midlar til utviding og rehabilitering av Indre Sula kyrkjegard. På denne nettsida vil du finne informasjon om arbeidet, og korleis den daglege drifta og besøksmoglegheit blir råka av dette.

Anleggsarbeidet

Prosjektet har som føremål å utbetre desse forholda:

  1. Det er eit behov for å auke kapasiteten på kyrkjegarden. Vi vil difor opprette tre til fire nye gravfelt, samt skifte ut masse på eit felt på eksisterande kyrkjegard som ikkje er tatt i bruk enno.
  2. Det blir også anlagt ei namna minnelund for urner, der den som vert gravlagd kan få namnet sitt oppført på eit felles minnesmerke, som så vert stelt av personalet på kyrkjegarden.
  3. Dreneringa på kyrkjegarden er for dårleg. Den teknikk som vart brukt då kyrkjegarden blei anlagt i starten av 80-talet, har vist seg å fungere svært dårleg. Å grave opp og legge nye dreneringsrør har vore forsøkt på felt C, utan å ha større effekt. Vi vil difor rehabilitere dei gamle felta. Det vil sei å grave opp 30-50 cm av jordlaget, legge ny drenering, og fylle på med ny masse som møter krava som i dag blir stilt til korleis massen skal vere på ein gravplass. Nytt nivå vil då ligge ca. ein meter over dagens nivå. Inga leivningar vil bli rørt
  4. Den kommunale VA-leidninga som går gjennom dalen er tett og må leggast på nytt. Denne blir no lagt i gangveg-traséen, som blir lagt om litt – slik at den ikkje er så bratt som i dag.
  5. Ein ny driftsbygning skal erstatte den gamle løa.
  6. Kyrkjegarden vil få ein ny parkeringsplass litt nærare enn i dag. Denne vil bli anlagt i samband med den nye bilvegen som er under oppføring i nærleiken.
  7. Elles vil kyrkjegarden få eit løft med ny beplantning, fleire vasspostar og sittebenker.

Eit anleggsområdet skal avgrensast med eit midlertidig gjerde. Delar av kyrkjegarden vil difor i periodar ikkje
bli tilgjengeleg for publikum. Vi ber om forståing for dette.

Handtering av gravminne

Entreprenør vil stå ansvarleg for handtering av gravminna i samband med rehabiliteringsarbeidet. Gravminna vil bli nøye koordinatfesta og fotografert, før dei blir tatt vekk midlertidig, og sidan satt tilbake på same plass - ein meter høgre opp. Eventuelle skader på gravminna i samband med arbeidet blir sjølvsagt erstatta.

NB! Vi ber om at alle lause gjenstander på kvar gravstad blir tatt vekk! Det skal, etter lokal kyrkjegardsvedtekter § 5, ikkje vere lause gjenstander i plantefeltet. I samband med at no gravminnene skal flyttast må difor dette fjernast.

Gravferd i anleggsperioden

Det vil bli halden gravferd på kyrkjegarden så langt som råd er. Anleggsarbeidet vil stanse under gravferd. Dersom pårørande ønsker å nytte ei festa grav som ligg i eit felt som er under rehabilitering har vi ei utfordring. Kyrkjeverja vil i samråd med pårørande, ev. gravferdsbyrå, søkje å finne den beste løysinga. Det kan vere tre moglegheiter:

  1. Ein kan velje kremasjon. Då vil ein kunne vente til gravfeltet er ferdigstilt før ein gjennomfører urnenedsettinga. Dersom ein vel dette alternativet med bakgrunn i at kistegravlegging ikkje er mogleg vil Sula kommune dekke omkostningane ved kremasjon ved Ålesund krematorium. Gravferdslova § 1 seier at «kremasjon kan skje med mindre det er kjent at det var i strid med avdødes ønske.»
  2. Ein kan velje ein ny gravstad. Ein kan gjennomføre kistegravferda som normalt, og søkje om å få flytte symbolsk den/dei som var gravlagd i den festa gravstaden. Slik vil ein fortsatt ha eit felles gravminne.
  3. Ein kan velje å likevel ikkje nytte den festa grava. Ein får også moglegheit til å velje gravlegging på Langevåg kyrkjegard om ønskeleg.

NB! Det er berre dei felta som er under arbeid som skapar desse utfordringane. Felta som ikkje er råka, eller som er ferdigstilt vil utan problem kunne ha kistegravleggingar. 

Denne sida vil bli oppdatert fortløpande med ny informasjon. 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"