Her kan du bestille gravstell

Sula Sokn administrerer avtalar om stell av gravene. Her kan du få litt meir informasjon om kva ein stellavtale inneheld. Ta kontakt med kyrkjekontoret om du ynskjer å opprette ein stellavtale.

Her kan du bestille gravstell

Stell omhandlar:

  1. Vårbeplanting, blir planta ut slutt av april/start på mai.
  2. Sommarblomster, blir planta ut i midt av juni/overgang til juli.
  3. Haustlyng, blir planta ut medio september.

I tillegg ligg det i avtalen: vatning, påfylling av jord og gjødsling etter behov.

For 2024/2025 er prisen på gravstell per år:

  Lite Plantefelt
(1-2 planter)
Standard plantefelt
(3-4 plantar)
Stort plantefelt
(5-6 plantar)
Vår 567,- 700,- 867,-
Sommar 567,- 700,- 867,-
Haust 566,- 700,- 866,-
Totalt per år, inkl. mva  1700,- 2100,- 2600,-

Prisen for gravstellet vert justert annakvart år etter nasjonal konsumprisindeks, og fastsett av Sula kommunestyre etter framlegg av lokal gravplassmyndigheit (Sula sokn).

Årleg rekning

Rekning vert sendt ut i februar, og stellet pågår til det vert sagt opp. Vi sender ikkje ut purring, og ubetalte rekningar vert sett på som oppseiing av stellet. Stell for gjeldande år vert då ikkje gjennomført.

Det er ikkje mogleg å bestille stell av grav for inneværande år etter 28. februar.

Bestilling av gravstell
Ta kontakt med kyrkjekontoret på telefon 70199600 eller e-post: post@kyrkja.sula.no

Angi kva for ei grav det skal utførast stell på. Du kan søke her på namnet til den gravlagde for å finne gravidenten. Gravidenten i høgre kolonne inneheld gravplassnummer, felt, rad og gravnummer - f. eks. 10.A.11.008

----

Vedlikehald av gravminne

Gravminnet er festar sin eigedom, og festar sjølv må vedlikehalde denne. Gravminner som er veldig skeive eller på ein anna måte kan vere til fare for andre blir meldt frå til festar. Det blir ikkje utført vedlikahald av gravminne/støtte av kyrkjegardsarbeidar.
For meir informasjon angåande oppretting/vedlikehald av gravminne, ta kontakt med kyrkjekontoret på telefon 70199600 eller e-post: post@kyrkja.sula.no

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"