Fellesrådet på befaring ved kyrkjene!

Onsdag 8.juni hadde Kyrkjeleg fellesråd i Vestre Slidre si årlege befaring.

Fellesrådet på befaring ved kyrkjene!

Onsdag 8.juni hadde Kyrkjeleg fellesråd i Vestre Slidre si årlege befaring. Vi har ei runde kvart år for å sjå kva behov for vedlikehald som ligg framfor uss, og samtidig sjå på kva som har blitt gjort sidan forrige befaring.

Det er ikkje reint lite som har blitt gjort sidan i fjor;

- Nye, flotte gjerde ved Øyjar kapell og Slidredomen

- Ny drenering rundt Øyjar kapell

- Reparerte og nymåla vindauge og dørar ved Slidredomen – her er også taket vaska for mose!

  Så var det sjølvsagt spanande å sjå korleis det nye bårehuset/kyrkjestoga ved Slidredomen verkeleg byrjar å ta form!

- Ved Lomen kyrkje står ein ny, flott gravplass klar, og prosessen med å ferdigstille nytt  gjerde rundt kyrkjegarden er i gong.

Vidare planar for utbetring i 2022, og som vi har avsett midlar til, er nytt tak på bårehuset i Lomen og måling av Øyjar kapell.

Neste år står våpenhuset i Røn og diverse utbetringer ved Lomen kyrkje for tur (ma nye kopartak over inngongspartia og portal, samt vask av taket).

På befaring ser vi sjølvsagt ting som ikkje er bra, og som vi må ta tak i;

  • Ved Øyjar er det ei mosegrodd trapp, store trær nær kyrkjegardsmuren og eit tak over wc-rommet som ikkje er tett
  • Ved Røn kyrkje er gjerdet framleis eit sørgeleg syn-vi håpar inderleg at nokon kan gjere jobben for oss her i sommar!
  • Ved alle kyrkjebygga er det forbetringspotensiale når det gjeld søppelordninga

På befaringa er vaktmeistar Vidar Jernæs representant for kommunen, medan eit av medlemma i fellesrådet representerer kommunestyret.

Fellesrådet er takksame for det gode samarbeidet vi har med kommunen – og for alt vi får til i lag!

 

Fleire bilete frå befaringa og nokre bilete tatt gjennom året kan de sjå her:

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Vestre Slidre kyrkjeleg fellesråd

Kontoradresse: Slidrevegen 20,
2966 Slidre.

Besøksadresse: Kyrkjekontoret, Slidrevegen 20, 2966 Slidre.

Åpningstider: Kyrkjekontoret er ope: måndag til torsdag kl. 09.00 – kl. 15.00
Kyrkjekontoret kan vere stengt i denne tida pga. møte, ferie og anna.

Telefon kyrkjekontoret:  48237798/48122137
Epost: vk766@kyrkja.no

Telefon sentralbord kommunehuset:
61 34 50 00

VIPPS til Røn sokn: 105863
VIPPS til Slidre sokn: 109786
VIPPS til Lomen sokn: 137884

VIPPS til Kyrkjeleg fellesråd: 620343

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"