Kyrkjelivet i Vestre Slidre i sommar!

Det blir gudstenester utandørs fleire stadar i sommar. Kvart sokn har minst ei messe som foregår utandørs, såfremt det er vêr til det. Det er ei fin og annleis oppleving å vere med på messe ute. Ta
deg ein tur på ein eller fleire av desse i sommar!

Fystro 4.juli kl.11.00

På den gamle gamle tomta etter stavkyrkja på Fystro har Øyvind Magistad, som bur like ved, sett opp
ein kross.
Historielaget er med denne dagen og serverer kyrkjekaffe etter messa.
Vikarprest og klokkar Magnhild Skjel blir med. Det blir også toradermusikk ved Ola Kvamme Nygard.
Ta gjerne med stol. Innandørs viss regn.

 

Mo kyrkjeruin 25.juli kl.11.00


Mo kyrkjeruin ligg på vestsida av Slidrefjorden og stammer frå år 1200 til 1250.
Det blir dåp denne dagen. Prest Berit Kristin Klevmoen og klokkar Magnhild Skjel blir med.
Det blir også musikk ved strykarane Marit Ingeborg Garvik og Frida Leanne Rogn.
Ta gjerne med stol. Om vêret ikkje tillet å vere ute, blir messa flytta inn i Slidredomen.


Vasetstølen 1.august kl.11.00


Kvart år brukar det vere stølsfestival på Vaset første helga i august, og søndagen har kyrkja
stølsmesse der. Sjølv om det nok ikkje blir festival i år, held vi tradisjon tru gudsteneste.
Messa foregår på tunet utanfor Vasetstølen, ved dårleg vêr flyttar vi oss inn.
Vikarprest og klokkar Magnhild Skjel blir med. Songar og låtskrivar Caroline Synvis bidreg med song
og gitar.


Syndinstogo 8.august kl.12.00


Syndinstogo er ei stor fjellhytte som ligg idyllisk til i enden av Midtre Syndis-vatnet.
Prest Berit Kristin Klevmoen og klokkar Magnhild Skjel blir med.
Det blir også toradermusikk ved Ola Kvamme Nygard.
Messa foregår ute såfremt det er vêr til det. Ta gjerne med stol.

I tillegg skjer dette i sommar:


*Søndag 18.juli
Gudsteneste i Slidredomen kl.11.00.
Prest Solveig Heimlid, organist Magne Olav Sælland og klokkar Johanna Fuglesteg blir med.


*Torsdag 22.juli
10 - års minnemarkering for 22.juli.
Open kyrkje i Slidredomen frå 12.00-13.00
Kyrkjeklokkene ringer frå 12.00 – 12.05


*Olsok 29.juli
Kveldsgudsteneste i Lomen stavkyrkje kl.19.30.
Sal av rømmegraut og kringle v/soknerådet frå kl.17.30
Vikarprest og klokkar Johanna Fuglesteg blir med. Langeleik-musikk ved Johanna Fuglesteg.

Historien om dei ulike kyrkjene/tomtene kan du lese her:
https://kirken.no/nn-NO/fellesrad/vestre-slidre/om-oss/kyrkjene-i-vestre-slidre/
Velkommen til messe i Vestre Slidre i sommar!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Vestre Slidre kyrkjeleg fellesråd

Kontoradresse: Slidrevegen 20,
2966 Slidre.

Besøksadresse: Kyrkjekontoret, Slidrevegen 20, 2966 Slidre.

Åpningstider: Kyrkjekontoret er ope: måndag til torsdag kl. 09.00 – kl. 15.00
Kyrkjekontoret kan vere stengt i denne tida pga. møte, ferie og anna.

Telefon kyrkjekontoret:  61 34 50 95
Epost: vk766@kyrkja.no

Telefon sentralbord kommunehuset:
61 34 50 00

VIPPS til Røn sokn: 105863
VIPPS til Slidre sokn: 109786
VIPPS til Lomen sokn: 137884

VIPPS til Kyrkjeleg fellesråd: 620343

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"