Kyrkja stod til forfalls og vart rive i 1747 eller 1748, og material frå denne stavkyrkja skal ha vore nytta ved bygging av ny kyrkje på Røn same år. Samstundes vart kyrkja på Øyjar riven, og dei tre sokna vart slått saman til (nye) Røn sokn.
Det finst òg material frå denne kyrkja, brukt t.d. til buagolv, låvegolv og liknande, på fleire gardar i området. Jahn Børe Jahnsen har skrive historia om Røn kyrkje i eit eige hefte, og der er òg mykje historikk om Fystro stavkyrkje.
1. juli 2018 kl. 11 var det gudsteneste på kyrkjetomta/ruinen.
Veret var upåklageleg og det same utsikta då grunneigarane Eline og Øyvind Magistad Berge ynskte oss velkomne til den fyrste gudstenesta på 270 år.
Det vart ei fin og varm gudsteneste med Ola prest, Are kantor og Magnhild klokkar som saman med det vare, vakre hardingfelelæte til Henning Andersen, skapte ei høgtidsstund for oss. Vi var om lag 40 personar frå fjern og nær som var til stades.
Etter gudstenesta, hadde ordførar Eivind Brenna eit interessant faktakåseri om Fystro kyrkje.
Så var det Øyvind Magistad Berge sin tur.
Fyrst informerte han om arbeidet med rydding og tilrettelegging for bruk av området. Midt i ruinen står det eit kors som han har laga og sett opp.
Han fortalde om arbeidet og tankar han hadde gjort seg då han laga korset og om symbol som korset representerer. Det er fleire meiningar om korset, men det får vi koma attende til. Han avslutta med von om at området kan bli brukt til gudsteneste vidare og kanskje som konsertarena.
Folk tok seg god tid i det fine veret og kosa seg med kaffi og sirupskake som Historielaget bidrog med.