Fystro stavkyrkjeruin er kome fram i dagen

Fystro var kyrkjestad i mellomalderen. Kyrkja var rett nord for det nedlagte tunet på Øvre Fystro i den sør-austvende dalsida. Eit gamalt vegfar fylgjer dalsida nordover frå tunet, og på oppsida av vegen, ca. 20 meter frå tunet, er det ei fylling av stein og grus som er utpeikt som kyrkjetuft. Fyllinga dannar ein terrasse som er ca. 3 m høgre enn vegen.

Fystro stavkyrkjeruin. Midt i ruinen står det eit kors laga av Øyvind Magistad Berge.

Kyrkja  stod til forfalls og vart rive  i 1747 eller 1748, og material frå denne stavkyrkja skal ha vore nytta ved bygging av ny kyrkje på Røn same år. Samstundes vart kyrkja på Øyjar riven, og dei tre sokna vart slått saman til (nye) Røn sokn.
Det finst òg material frå denne kyrkja, brukt t.d. til buagolv, låvegolv og liknande,  på fleire gardar i området. Jahn Børe Jahnsen har skrive historia om  Røn kyrkje i eit eige hefte, og der er òg mykje historikk om Fystro stavkyrkje.

1. juli 2018 kl. 11 var det gudsteneste på kyrkjetomta/ruinen.

Fystro stavkyrkjeruin 02.JPG

Veret var upåklageleg og det same utsikta då grunneigarane Eline og Øyvind Magistad Berge ynskte oss velkomne til den fyrste gudstenesta på 270 år.

Det vart ei fin og varm gudsteneste med Ola prest, Are kantor og Magnhild klokkar som saman med det vare, vakre hardingfelelæte til Henning Andersen, skapte ei høgtidsstund  for oss. Vi var om lag 40 personar frå fjern og nær som var til stades.

Etter gudstenesta, hadde ordførar Eivind Brenna eit interessant faktakåseri om Fystro kyrkje.

Så var det  Øyvind Magistad Berge sin tur.

Fyrst informerte han om arbeidet med rydding og tilrettelegging for bruk av området. Midt i ruinen står det eit kors som han har laga og sett opp.

Han fortalde om arbeidet og tankar han hadde gjort seg då han laga korset og om symbol som korset representerer. Det er fleire meiningar om korset, men det får vi koma attende til. Han avslutta med von om at området kan bli brukt til gudsteneste vidare og kanskje som konsertarena.

Folk tok seg god tid i det fine veret og kosa seg med kaffi og sirupskake som Historielaget bidrog med.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Vestre Slidre kyrkjeleg fellesråd

Kontoradresse: Slidrevegen 20,
2966 Slidre.

Besøksadresse: Kyrkjekontoret, Slidrevegen 20, 2966 Slidre.

Åpningstider: Kyrkjekontoret er ope: måndag til torsdag kl. 09.00 – kl. 15.00
Kyrkjekontoret kan vere stengt i denne tida pga. møte, ferie og anna.

Telefon kyrkjekontoret:  48237798/48122137
Epost: vk766@kyrkja.no

Telefon sentralbord kommunehuset:
61 34 50 00

VIPPS til Røn sokn: 105863
VIPPS til Slidre sokn: 109786
VIPPS til Lomen sokn: 137884

VIPPS til Kyrkjeleg fellesråd: 620343

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"