Både brud og brudgom skal fylle ut skjemaet Erklæring frå brudefolka før prøving av ekteskapsvilkåra. Ved namneendring skal det sendast Meldingsskjema for namneendring til folkeregisteret. Forlovarane fyller ut Forlovarerklæring. Dei som skal gifte seg i utlandet må ordne papirane i Norge. Naudsynte skjema kan skaffast hjå Folkeregisteret.
Last ned naudsynte skjema for ekteskapsinngåing her!
Det er Folkeregisteret som undersøkjer om dei som vil gifte seg oppfyller vilkåra for ekteskap. Dette kan ikkje vigselspersonane gjere. Prøvingsattesten frå Folkeregisteret vert sendt til bustadsadressa til ein av brudefolka og er gyldig i fire månader. Attesten skal leverast til kyrkjekontoret i god tid, seinast 14 dagar før vigselsdatoen.
Tidlegare ekteskap
Dersom nokon av brudefolka har vore gift tidligare, og folkeregisteret ikkje har registret skilsmisse eller dødsfall, må personen legge fram bevis for at ekteskapet er slutt. Utenlandsk skilsmissebevilgning eller dom må fyrst verte godkjend av Fylkesmannen. Den som har vore gift, og som levde i formuefellesskap då ekteskapet tok slutt, må i einskilde tilfelle ha erklæring frå tidligare ektefelle om status i skiftet.
Utenlandske statsborgarar
Ein utenlandsk statsborgar som ikkje er fast busatt i Norge må framlegge attest frå offentlege myndigheiter i heimlandet som beviser at det ikkje er noko til hinder for at det vert inngått ekteskap. I tillegg er det naudsynt med dokumentasjon på opphaldsløyve viss ein ikkje allereie har arbeidsløyve, oppholdslæyve eller busettingsløyve.
Vigselsattest
Vigselspersonen meldar vigselen til Folkeregisteret, som utsteder vigselsattest. Brudefolka kan få med seg ein stempla melding om vigsel frå vigselspersonen. Denne gjeld som mellombels attest og kan til dømes vere naudsynt ved bryllupsreise i utlandet rett etter vigselen.