Her kan de laste ned naudsynte skjema for å gjennomføre kyrkjeleg vigsel i Vestre Slidre.

Både brud og brudgom skal fylle ut skjemaet Erklæring frå brudefolka før prøving av ekteskapsvilkåra. Ved namneendring skal det sendast Meldingsskjema for namneendring til folkeregisteret. Forlovarane fyller ut Forlovarerklæring. Dei som skal gifte seg i utlandet må ordne papirane i Norge. Naudsynte skjema kan skaffast hjå Folkeregisteret.

Last ned naudsynte skjema for ekteskapsinngåing her!

Det er Folkeregisteret som undersøkjer om dei som vil gifte seg oppfyller vilkåra for ekteskap. Dette kan ikkje vigselspersonane gjere. Prøvingsattesten frå Folkeregisteret vert sendt til bustadsadressa til ein av brudefolka og er gyldig i fire månader. Attesten skal leverast til kyrkjekontoret i god tid, seinast 14 dagar før vigselsdatoen.

 

Tidlegare ekteskap

Dersom nokon av brudefolka har vore gift tidligare, og folkeregisteret ikkje har registret skilsmisse eller dødsfall, må personen legge fram bevis for at ekteskapet er slutt. Utenlandsk skilsmissebevilgning eller dom må fyrst verte godkjend av Fylkesmannen. Den som har vore gift, og som levde i formuefellesskap då ekteskapet tok slutt, må i einskilde tilfelle ha erklæring frå tidligare ektefelle om status i skiftet.

 

Utenlandske statsborgarar

Ein utenlandsk statsborgar som ikkje er fast busatt i Norge må framlegge attest frå offentlege myndigheiter i heimlandet som beviser at det ikkje er noko til hinder for at det vert inngått ekteskap. I tillegg er det naudsynt med dokumentasjon på opphaldsløyve viss ein ikkje allereie har arbeidsløyve, oppholdslæyve eller busettingsløyve.

 

Vigselsattest

Vigselspersonen meldar vigselen til Folkeregisteret, som utsteder vigselsattest. Brudefolka kan få med seg ein stempla melding om vigsel frå vigselspersonen. Denne gjeld som mellombels attest og kan til dømes vere naudsynt ved bryllupsreise i utlandet rett etter vigselen.

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Vestre Slidre kyrkjeleg fellesråd

Kontoradresse: Slidrevegen 20,
2966 Slidre.

Besøksadresse: Kyrkjekontoret, Slidrevegen 20, 2966 Slidre.

Åpningstider: Kyrkjekontoret er ope: måndag til torsdag kl. 09.00 – kl. 15.00
Kyrkjekontoret kan vere stengt i denne tida pga. møte, ferie og anna.

Telefon kyrkjekontoret:  48237798/48122137
Epost: vk766@kyrkja.no

Telefon sentralbord kommunehuset:
61 34 50 00

VIPPS til Røn sokn: 105863
VIPPS til Slidre sokn: 109786
VIPPS til Lomen sokn: 137884

VIPPS til Kyrkjeleg fellesråd: 620343

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"