Gudstenester i jula

Velkomen til gudstenester i Ytre Arna kyrkje både julaftan og juledag!

Gudstenester i jula

Julaftan har me to gudstenester å velja mellom. Begge er julegudstenester for små og store, men dei er likevel ulike.

Kl. 15.00 kjem Arne Musikforening og er med oss. Så denne gudstenesta vert prega av korpsmusikk frå preliudiet startar til siste akkord av postludiet døyr ut. I tillegg vil Bertine Bergmann gleda oss med to songar - slik ho har gjort tidlegare år.

Kl. 16.15 har me med oss Ytre Arna barnevokal. Det er jo òg fast tradisjon, og me gleder oss til å høyra dei igjen.

Juledag (den første, om nokon skulle vera i tvil) kl. 12.00 (merk tida) er det høgtidsgudsteneste. Ytre Arna vokal vert med.

Jula er ei tid for familien, og for å gjera mange ting som me har gjort i alle år, helst på same måten som me alltid har gjort. Men la han som jula skal feira, få plass i di feiring, ja, sjølvsagt helst vera midtpunktet i feiringa, men her er jo konkurransen sterk. Velkomen til kyrkje! 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"