På skattejakt i ungdommen

13-20 gjev ungdom i Bergen eit gratis samtaletilbod, som ein del av Den norske kyrkja sitt omsorgsarbeid. - Det kjekkaste vi veit er å ha tid til å prate med ungdommane om det dei ynskjer å snakke om, utan agenda eller tilvising, seier dei fire ungdomsdiakonane som leier arbeidet. Tekst og foto: Gyrid Cecilie Nygaard.

Fire ungdomsdiakoner er no på plass i Bergen. F.v. Eli Skimmeland, Maria Renså, Maria Aasheim Grosås og Susanne Tafjord Eriksen.

13-20 er eit samtaletilbod for ungdom mellom 13 og 20 år, og er å rekne som ei spesialisert form for diakoni, som spring ut frå eit arbeid starta i Bærum.

Tilgjengeleg for alle ungdommar

Fire ungdomsdiakoner er no tilsette i Bergen, som skal vere tilgjengelege for alle ungdommar i dei byområda dei arbeider. Susanne Tafjord Eriksen har kontorplass i Åsane der ho både jobbar som kyrkjelydsdiakon for ungdom, og som ein del av teamet i 13-20. Maria Aasheim Grosås jobbar i Arna og Ytre Arna. Maria Renså og Eli Skimmeland jobbar saman i Loddefjord og Olsvik. Alle har enten sosialfagleg eller pedagogisk bakgrunn, og erfaring med oppfølging og samtalar med ungdom.

Mens dei tre andre vart tilsette i løpet av 2022, var Eli med og starta arbeidet med 13-20 i Bergen i 2017.

- Då besøkte vi 13-20 i Bærum og reiste tilbake til Bergen og starta samme type arbeid her. No er det to fulle stillingar i Loddefjord/Olsvik og to i Åsane/Arna, noko som er ganske fantastisk, fortel Eli.

Samarbeider med andre instansar

- Korleis får ungdommane kontakt med dykk?

- Dei kan sende oss ei melding/e-post, som ein finn på nettsida www.13-20.no. Der finst det også ei anonym spørjeteneste der ein kan spørje om kva som helst, seier diakonane.

Samtalane føregår på tur, kafe eller på ulike samtalerom 13-20 disponerer. Ungdomsdiakonane kan ta imot vanskelege historier og har tid til å prate om det. Samarbeid med andre instansar vert gjerne etablert undervegs, alt etter kva samtalane handlar om, og dersom annan kompetanse trengst.

- Vi har alle meldeplikt, men vi set ikkje i gang noko vidare hjelpeapparat utan at ungdomen veit om det, fortel Maria R.

Nokon å prate med når livet blir vanskeleg

Tematikk for samtalane kan vere alt frå venskap, kjærleikssorg og familie, til sorg, mobbing, rus, overgrep og grenseoverskridande åtferd.

- Kven nyttar tilbodet?

- Unge frå 11 år og oppover som har høyrt om oss via vener, kateketar, prestar og andre, og som opplever ulike utfordringar eller berre vil prate. Alle treng å prate med nokon når livet er vanskeleg. Denne jobben er veldig førebyggande, forklarer Susanne.

- Dei fleste andre hjelpeinstansar treng tilvising. Det treng dei ikkje hos oss. Det må heller ikkje vere eit kjempestort problem. Vi tar imot all ungdom, seier Maria R.

Maria G. er glad for at kyrkja tilbyr diakonale, førebyggende lågterskelsamtalar.

- Det er fint å ha moglegheit til å skape det rommet for ungdom, at dei kan velge sjølv å komme, og kva vi skal snakke om. Eit rom og eit møte som kan hjelpe dei med å minna dei på kva dei er verde, kven dei er, fortel ho.

Trygge vaksne som lyttar

Korleis har ungdomane tatt imot dykk?

- Eg har vore på konfirmasjonsleir, og vore med på alt ungdomane gjorde, for å vise at eg var der. Og det verkar som dei er veldig positive til dette. Dei stiller spørsmål og ynskjer å bli kjende med meg, seier Susanne.

Mange ungdommar melder tilbake at samtalane er annleis enn dei trudde, og at det er godt å komme. Ungdomsdiakonane i 13-20 treng ikkje nødvendigvis forhalde seg til så mange rammer, paragrafar og rapportering. Dei følgjer gjerne ungdom til andre hjelpeinstansar som BUP (Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk), politi eller andre. Slike møte kan vere ganske vanskelege dersom ein ikkje har familie som følgjer deg tett opp.

- Vi er opptatt av at dei samtaleromma vi har, skal likne litt på ei stove. Dei skal få ein kopp kakao viss dei vil, og kunne sette seg godt til rette. Tilbakemeldingane er at dei finn kvile. Det er godt med ein trygg vaksen som lyttar, seier Maria G.

Nokre er veldig nervøse når de kjem.

- Vi bruker veldig mykje tid på å bli kjende og jobbe relasjonelt med ungdommane. Diakoni er skulder til skulder, ikkje ovanfrå og ned. Av og til treng eg hjelp, og av og til treng du hjelp, forklarer Eli.

Først og fremst så elskar vi å jobbe med ungdom og likar å finne fram gullet i kvar enkelt, seier dei fire ungdomsdiakonane som har funne draumejobben i 13-20.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"