Temaserie: Du er dyrebar - Få vera ærleg og likevel elska

Vågar me å vera ærlege når livet ikkje er lett? Eller slit me oss ut for å vera gode nok for Gud og for dei andre? Temaserien i vår er inspirert av Runar Mulelid: "La Masken falle" (In duplo, 2018)

Temaserie: Du er dyrebar - Få vera ærleg og likevel elska

Temaseriane i Ytre Arna er eit samarbeid mellom Haugland Indremisjon, Ytre Arna Indremisjon og Ytre Arna kyrkjelyd. Temaserien i vår har overskrifta "Du er dyrebar - Få vera ærleg og likevel elska" Det er fire temasamlingar. Det vil bli laga samtaleopplegg til kvart tema. Dei to indremisjonslaga og kyrkjelyden har òg fleire cellegrupper saman. Desse gruppene møtest i heimane, gjerne i veka etter temasamlinga, og samtalar vidare om temaet dei har høyrt snakka om i kyrkja eller på bedehuset. Dei deler òg gjerne eit måltid og bed saman. Viss du har lyst å vera med i ei cellegruppe, kan du kontakta Eva Bognøy, tlf. 454 57 561 eller sokneprest Ingvar Fløysvik, tlf. 55 36 22 75.

Temasamlingane i vår:

  • Sundag 13. januar kl. 11.00: Temagudsteneste i kyrkja. Tema: Du er dyrebar for Gud. Jes 43,1-4. Ingvar Fløysvik.
  • Sundag 3. februar kl. 11.00: Temasamling på Ytre Arna bedehus. Tema: Du er dyrebar - når bibellesing og bøn er vanskeleg. Roald Evensen.
  • Sundag 10. mars kl. 11.00: Temagudsteneste i Ytre Arna kyrkje. Tema: Du er dyrebar - når alt er mørkt. 1 Kong 19. Ingvar Fløysvik.
  • Onsdag 8. mai kl. 19.00: Temasamling på Haugland bedehus. Tema: Du er dyrebar - ein del av Kristi kropp. 1 Kor 12,12-27. Asle Hetlebakke.
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"