Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp har tittelen «Håp i ein drope vatn».
Mest 800 millionar menneske lever utan tilgang til reint vatn på grunn av jordskjelv, tørke, flaum, krig eller konfliktar. Kirkens Nødhjelp arbeider med naudhjelp i katastrofar og med langsiktige prosjekt for å redusera naud og fattigdom i verda. Dei arbeider for fred og rettferd, og for å redda liv.
I fasteaksjonen samlar me inn pengar til dette livsviktige arbeidet, med særlig fokus på tilgang til reint vatn og dei enorme ringverknadene dette har for eit menneske. Mange må gå lange vegar, bruka mykje av tida og arbeidsevna si, for å skaffa familien vatn. Og det vatnet dei får tak i, er i tillegg ofte ureint og helsefarleg. Difor er det viktig å få brønnar med reint vatn der dei bur.
I tillegg jobbar organisasjonen med langsiktig bistandsarbeid, blant anna ved å gje opplæring i og støtte til klimatilpassa jordbruk - der ein vatnar via dryppsystem slik at svært lite vatn går til spille. Vatn er mangelvare i store delar av verda. Om ein lèt vatnet dryppa rett på planterøtene, vert det meir mat ut av kvar drope.
VIPPS 2426