Støtt Kirkens Nødhjelp

Takk til alle som var med og støtta fasteaksjonen for Kirkens Nødhjelp onsdag 20. mars. Takk til alle som gav - anten på Vipps eller kontantar, og takk til konfirmantane som gjekk med bøssene. Var du ikkje heime den dagen, eller av andre grunnar ikkje har fått gje, kan du senda pengane på Vippsnr. 2426.

Støtt Kirkens Nødhjelp

Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp har tittelen «Håp i ein drope vatn».

Mest 800 millionar menneske lever utan tilgang til reint vatn på grunn av jordskjelv, tørke, flaum, krig eller konfliktar. Kirkens Nødhjelp arbeider med naudhjelp i katastrofar og med langsiktige prosjekt for å redusera naud og fattigdom i verda. Dei arbeider for fred og rettferd, og for å redda liv.

I fasteaksjonen samlar me inn pengar til dette livsviktige arbeidet, med særlig fokus på tilgang til reint vatn og dei enorme ringverknadene dette har for eit menneske. Mange må gå lange vegar, bruka mykje av tida og arbeidsevna si, for å skaffa familien vatn. Og det vatnet dei får tak i, er i tillegg ofte ureint og helsefarleg. Difor er det viktig å få brønnar med reint vatn der dei bur.

I tillegg jobbar organisasjonen med langsiktig bistandsarbeid, blant anna ved å gje opplæring i og støtte til klimatilpassa jordbruk - der ein vatnar via dryppsystem slik at svært lite vatn går til spille. Vatn er mangelvare i store delar av verda. Om ein lèt vatnet dryppa rett på planterøtene, vert det meir mat ut av kvar drope.

 

VIPPS 2426

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"