Ei ny tid for kyrkjebygga våre

I Korskirken i Bergen var over 100 menneske samla til konferansen «Ei ny tid for kyrkjebygga våre» 3. og 4. februar. Dei fekk takka kyrkjebevaringsfondet si «mor», statsråd Kjersti Toppe, som hadde sin siste dag som statsråd, og gleda seg saman med nye mottakarar av store summar frå det same fondet.

Glade mottakarar av støtte frå kyrkjebevaringsfondet med representantar for Bergen kirkelige fellesråd, Kyrkjekultur Vest, Museumssenteret i Hordaland, Osterøy kyrkjelege fellesråd, Sunnfjord kyrkjelege fellesråd, Kvam kyrkjelege fellesråd og Sogndal kyrkjelege fellesråd.

Konferansen er den første i sitt slag , og har blitt til for at ulike aktørar frå kyrkjeeigarar og kommunar til handverkarar og museum med kompetanse på kulturminne kunne bli kjende med dette nye bevaringsprogrammet for kulturhistoriske verdifulle kyrkjebygg, og rigga seg til å søkja midlar eller medverka med sin kompetanse og sine tenester.

Vestland fylkeskommune, Bergen kommune, Bjørgvin bispedøme, Bergen kirkelige fellesråd, Akasia og Kirkens Bymisjon har samarbeida om konferansen som vart organisert av Kyrkjekultur Vest AS.

Kommunane må med

Statsråd Kjersti Toppe var tydeleg på at kommunane må vera med, sidan dei har ansvaret for å betala for vedlikehaldet av kyrkjene og også må stå for grunnfinansiering av dei tiltaka som får støtte frå kyrkjebevaringsfondet. Ho hadde vidare ei melding til Stortinget om å halda oppe nødvendige løyvingar til fondet, om det skulle bli nødvendig ut over det Allstad (tidlegare OVF) klarer å generera av midlar. – Dette er viktig for å gjera det forutsigbart for alle aktørane som er involvert. Bl.a. skal handverkarane vita at her er det jobb for dei mange år framover, sa Kjersti Toppe til forsamlinga der handverkarbransjen var godt representert.

Statsråden avslutta med å legga vekt på at kyrkjene er bygg som skal brukast. – Dette handlar om at vi skal få i stand dei bygga som vi veit betyr så mykje for folk der dei bur, som er verdifulle, vakre kulturminne, men som også har ein heilt, heilt spesiell plass i lokalsamfunna i ei tid der det meir enn nokon gong er bruk for at folk kjenner seg trygge, kjenner fellesskap og identitet. Den norske kyrkja skal også i framtida bidra til fellesskap, beredskap og tryggleik der folk bur, og sjølvsagt til utøving av tru, sa Kjersti Toppe som fekk ståande applaus for sin innsats for kyrkjebygga.

Inspirerande

Renate Petrine Johnsen

Kulturmiljøkonsulent Renate Petrine Johnsen, Bremanger kommune.

– Det er veldig fint å få innblikk i prosessane. Vi er forvitne på korleis ein skal gjera dette, seier kulturmiljøkonsulent Renate Petrine Johnsen i Bremanger kommune, som saman med ein kollega var blant dei få kommunale representantane på konferansen. – Eg synest det har vore veldig fint med desse dagane, også med, skal vi kalla det det åndelege innhaldet, det har vore veldig inspirerande, seier Johnsen. Konferansen var ramma inn av salmesong, korsong av biskopen, domkantor Kjetil Almenning og professor Alf Tore Hommedal. Måndag kveld var mange med på ei pilegrimsvandring frå Nonneseter kapell, via St. Jørgen kyrkje til Mariakirken.

Vern for bruk

Bergen kommune var medarrangør, og både varaordførar Thomas Flesland og byråd Reidar Digranes heldt innlegg. Byråden har ansvar for bl.a. kultur i ein kommune som over fleire år har løyvd midlar til store rehabiliteringar av mellomalderkyrkjene.

Vern for bruk kan vere eit ypparleg motto for storsatsinga vi går inn i. Samtidig som vi vernar om bygga, vernar vi om det som dei blir brukt til. Innafor vêrbestandige veggar og under vasstette tak skal menneske framleis ha høve til å finne verdimessig forankring i noko større enn det daglegdagse, sa byråden.

Lukkeleg kyrkjeverje

Olav Skeie Lid i samtale med Oddbjørn Eide, inne i Korskirken

Kyrkjeverje i Kvam, Olav Skeie Lid (t.v.) i samtale med dagleg leiar i Kyrkjebevaringsfondet, Oddbjørn Eide.

– Dette er ein heilt nødvendig plass å vera, med tanke på kor mange utfordrande oppgåver som ventar på kyrkjebyggfronten heime, seier Olav Skeie Lid som var ein av fleire kyrkjeverjer på konferansen. Han har tre listeførte kyrkjer å ta vare på, har alt søkt om pengar og kunne på dag to av konferansen fortelja at dei har fått inntil 4,5 millionar kroner til vøle av tak mm.  på Strandebarm kyrkje. – Difor er eg ein lukkeleg mann i dag, sa Lid som elles syntes det var flott å vera i Korskirken og sjå kor flott dette kan bli, den er nyrestaurert, bl.a. med midlar frå kyrkjebevaringsfondet.

Viktig samtale

– Slike samlingar må alle fylke og bispedøme få til. Først og fremst for at aktørane skal kunna møtast i eit rom og bli samde om å snakka vidare saman. Dette er starten på ein utruleg viktig samtale, seier Martin Stærk. Han er spesialrådgjevar i Hovudorganisasjonen KA og koordinator for kyrkjebevaringsprogrammet og deltok med ein presentasjon av status på bevaring av historiske kyrkjebygg i Vestland.

Fordel å vera tidleg ute

På konferansen var både Fagskulen Vestland, Stiftelsen Bryggen, handverkslauga og fleire museum representerte. Ein av utfordringane framover vil vera å ha nok kapasitet blant rådgjevarar, handverkarar og ekspertar på handtering av antikvariske bygg og inventar til å få gjennomført prosjekta det blir gjeve støtte til.  Fylkesordførar Jon Askeland viste til potensialet som ligg i det nye kyrkjebevaringsprogrammet i si helsing. – Her har me ein kick-start der me ser på korleis me kan utnytta dette nye tidleg, for då kan me vera med på å forma og definera det sjølve. Fylket engasjerer seg i dette både som utdanningsorganisasjon og som kultur- og kulturminneorganisasjon, sa fylkesordføraren.

Strategien bak kyrkjebevaringsfondet er at ein i tillegg til å halda bygga vedlike, skal ha fokus på bruken av kyrkjene. Korskirken vert disponert av Kirkens bymisjon, og bymisjonsprest Trygve Stabrun fortalde korleis dei brukar det nyrestaurerte kyrkjebygget i teneste for mange svake grupper i byen. – Her kjem det eldre, foreldre i permisjon, psykisk sjuke, rusavhengige og mange turistar. Felles for dei fleste, er at dei senker skuldrene når dei kjem inn i kyrkja, sa Stabrun.

I ein panelsamtale mot slutten av konferansen, var det fleire tok til orde for at samtalen må halda fram ved at dei ulike aktørane kan møtast att til liknande arrangement i åra som kjem.

Tildelingar til 17 prosjekt frå fondet

Kyrkjebevaringsfondet har i sist søknadsrunde teke imot totalt 164 søknadar om tilskot frå kulturhistorisk viktige kyrkjer frå nesten heile landet. Fordelinga vart kunngjort 4. februar. I Bjørgvin/Vestland fekk 17 prosjekt midlar frå fondet.

Bergen domkirke    Særskilt forprosjekt
Fana kirke    Særskilt forprosjekt
Flåm kyrkje    Særskilt forprosjekt
Grindheim kyrkje    Overordnet forprosjekt
Hamre kirke    Hovedprosjekt
Helgheim kyrkje    Hovedprosjekt
Hopperstad stavkyrkje    Særskilt forprosjekt
Kinn kyrkje    Særskilt forprosjekt
Lysekloster kapell    Hovedprosjekt
Norum/ Ølmheim kyrkje    Hovedprosjekt
Sandvikskirken    Hovedprosjekt
Strandebarm kyrkje    Hovedprosjekt
Stødle kyrkje    Særskilt forprosjekt
Ulvik kyrkje    Overordnet forprosjekt
Vangen kyrkje    Særskilt forprosjekt

Kyrkjekultur Vest AS  Støtte til konferansen omtalt i denne artikkelen Museumssenteret i Hordaland    Program for bevaring av kirketekstiler.

Sjå presentasjonar frå konferanse

Nedst på denne sida finn du presentasjonar og nokre foto frå konferansen.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"