Søk OVF-midlar

Det er tid for å søkje om midlar frå Opplysningsvesenets fond (OVF). Søknadsfristen for å få støtte til prosjekt i 2022 er 1. desember 2021.

Midlane skal nyttast til kyrkjelege formål med særlig vekt på tiltak i kyrkjelydane og felles kyrkjelege tiltak. Dei skal i hovudsak nyttast innanfor bispedømet sin strategi. Prosjekta kan vara frå eitt til tre år.

Det er bispedømerådet som tildeler midlar. Bispedømerådet har høve til å prioritera dei tiltaka som er i samsvar med bispedømet sine strategiar. Ny strategi for 2021-2024 har følgjande hovudsatsingsområde:

  • Dåp - oppsøkjande arbeid, dåp i alle aldrar
  • Ungdom - møteplassar, uttrykksformer, engasjement
  • Teneste - frivillig teneste, gjevarteneste, rekruttering
  • Kunst og kultur – opne opp eit rom for tru, eige arbeid, samarbeid
  • Synleg - møte folk der dei er, samverke med andre, aktiv pådrivar for berekraftig utvikling

Prosjekt som rettar seg mot leiartrening for ungdom vil verte prioriterte. Søknader med nyskapande tiltak knytt til trusopplæring vil og kunne bli prioriterte, då dei kan tildelast frå ”unytta trusopplæringsmidlar”.

Uavhengig av innhald, vil søknader med samarbeid mellom fleire kyrkjelydar bli prioritert. Dei siste åra har bispedømerådet prioritert slik at mange små prosjekt har fått omlag 15 000 - 35 000 kr. Nokre få, større prosjekt har fått meir. Sjølv om snittsummen ikkje er så stor, er det viktig med noko eigenfinansiering (som kan vere både kommunale eller private midlar/sponsorar eller gjevarteneste).

Søk på nytt om de har eit pågåande prosjekt

Nye prosjekt kan vare frå eitt til tre år. Prosjekt som alt er igong, vil prioriterast dei påfølgjande åra, men dette føreset at førebels prosjektrapport viser at prosjektet har den planlagte progresjonen. Desse må senda søknad kvart år.

Hugs fristen 1.desember 2021 - søknaden skal sendast på søknadsskjema til Bjørgvin bispedømeråd på epost til bjoergvin.bdr@kyrkja.no.

Alle som får innvilga stønad må rapportere på midlane på eige ark. Frist for rapportering: 1. mars
Søknadsskjema og skjema for rapport på innvilga midlar finn du nedst på denne sida.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"