Nye prestestillingar i Fana og Arna

Bjørgvin bispedømeråd har i sitt møte 25. mars gjort vedtak om å oppretta nye faste prestestillingar, ei i Fana sokn og ei i Arna sokn.  I same møte tilsette dei prestar i Erdal, Tveit og Årstad.

Ytrebygda kyrkje ligg i Fana sokn som får ny fast prestestilling. Foto: Fana og Ytrebygda kyrkjer.

Det er eit høgt tal på medlemer i høve til presteressursar som gjer at desse to folkerike sokna får nye prestestillingar. Dei har i dag prosjektstillingar som vil bli gjort til faste stillingar når dei blir ledige.

Bispedømerådet har tilsett prestar i følgjande stillingar:

Sokneprest i Vesthordland prosti med Erdal sokn som tenestestad: Trygve Bertin Eiken

Sokneprest i Vesthordland prosti med Tveit sokn som tenestestad: Jørgen Skogestad Kleiven

Sokneprest i Bergensdalen prosti med Årstad sokn som tenestestad: Maren Tischendorf   

Søkjarane har takka ja til stillingane.

Årsrapport

Bjørgvin bispedømeråd godkjende årsrapport for 2020 og handsama rekneskap og budsjett. Les meir om årsrapporten her

OVF-tildeling 2021

Bispedømet forvaltar midlar frå Opplysningsvesenets fond som kyrkjelydar og organisasjonar kan søkja støtte frå. Bjørgvin bispedøme har for 2021 til fordeling totalt kr. 875.000,- i OVF-tilskot. Her er oversynet over dei som fekk innvilga søknad i 2021

For andre saker, sjå protokollen (lenke nedst på denne sida)

Sakliste

19/21 Godkjenning av innkalling og saksliste

20/21 Godkjenning av protokoll Bjørgvin bispedømeråd 12.03.2021          

21/21  Nøkkeltal og årsresultat 2020     

22/21 Årsrapport 2020      

23/21 Budsjettregulering 2021    

24/21 Oppretting av to faste prestestillingar, Fana sokn og Arna sokn.     

25/21 Høyringsvar frå Bjørgvin - Reglar for tilkjenning av medlemskap for personar som ikkje er busett i riket eller norske borgarar busett i utlandet    

Orienteringssaker

26/21 OVF-tildeling 2021  

Tilsettingssaker

27/21  Tilsetting - Sokneprest i Vesthordland prosti med Erdal sokn som tenestestad

28/21  Tilsetting - Sokneprest i Vesthordland prosti med Tveit sokn som tenestestad -

29/21  Tilsetting - Sokneprest i Bergensdalen prosti med Årstad sokn som tenestestad

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"