Preses Olav besøkte St.Olavs Hospital på samanes nasjonaldag

Preses Olav Fykse Tveit feira samanes nasjonaldag på sitt årlege besøk til preste- og samtaletenesta ved St.Olavs Hospital, og han feira gudstjeneste, som vart sendt ut til alle avdelingane ved sjukehuset.

Preses Olav besøkte St.Olavs Hospital på samanes nasjonaldag

- Vi feira gudsteneste med sør-samiske salmar og tekstar ved St.Olavs Hospital.

Og preses Olav fortel at det var viktig å få fram særleg to tema i gudstenesta.

- Gleda og respekten for det Gud har gitt oss til lekam, sjel og ånd i mat, i fellesskap om mat, i kyrkja – særleg gjennom nattverden. Samefolket er ein del av eit stort fellesskap, også i kyrkja, der vi har mykje å takke dei for – ikkje minst deira forhold til naturen og korleis vi er avhengige av den, held preses fram.

Sør-samisk

I gudstenesten medverka også hovudprest Øyvind Taraldset Sørensen. I tillegg hadde August Sjøvoll, sør-samisk representant i brukarutvalet ved sjukehuset, ei helsing i anledning dagen, og han las tekstane på sør-samisk.

 

Her kan du lese preika til preses Olav Fykse Tveit på samanes nasjonaldag.

Vi feirar Samefolkets nasjonaldag og gratulerer våre samiske vener i Trondheim og over alt der de er med dagen! Vi gjer det med glede saman med samefolket i heile Norden. Vi gjer det med takk for alt det samefolket representerer i vårt land med sin historie og kultur. I vår tid er det mange som ser på ein ny måte kva vi alle kan lære av urfolk om respekt for og kjennskap til naturen og kor avhengige vi er av den. Samenes nasjonaldag er ei feiring av livet i fellesskap, med musikk og glede, og sikkert også med mat og fellesskap rundt gode måltid.

Det er også ei spesiell glede for meg for første gong å vere invitert til å vere med på gudsteneste her på St. Olavs sjukehus. Her er det mange som fyller mange ulike viktige oppgåver i eit samspel til beste for oss når vi treng det. Her er det mange som får kvalifisert hjelp med ulike helsemessige plager og tilstander. Her startar livet for mange, her endar det for nokon. Men her blir det stadig gitt nytt håp om helse og glede. Eg skal også få møte dei som arbeider innanfor sjukehusets preste- og samtaleteneste, og som bidrar til at mange har nokon å snakke med om livets mangfoldige sider når ein har behov for sjukehusets tenester.

«Kom og få mat!» (Joh 21, 12)

Invitasjon til måltid – det handlar det om i evangeliet for denne dagen. Invitasjonen frå Gud til oss menneske, også når vi menneske er fortvila, forvirra eller i ei djup krise:  «Kom og få mat!» Det har både ei konkret meining og ei djupare meining. For måltidet er eit teikn på fellesskap, i alle kulturar og religionar.

«Kom og få mat!» Det er eit guddomeleg ord. Mat er ei gåve frå Gud. Det er heilt grunnleggjande for vårt liv at det er mat å få, og at det er nokon som lagar mat og inviterer oss til måltid – eller at vi gjer det sjølv og deler det med andre vi har ansvar for. Mat må til for at livet skal gå vidare, for at vi skal få dei næringsstoffa vi treng for å vere friske og sunne. Mi mor var utdanna sjukepleiar, og ho var alltid opptatt av at vi fekk i oss god og næringsrik mat. Særleg viss vi har sjuke, eller som det var ein gong vi opplevede eit tragisk dødsfall i familien, då sørga ho for at vi straks fekk oss eit godt måltid mat saman.

Eg vart ein gong bedt om å halde eit innlegg på eit møte med mange næringslivsleiarar og finansfolk om korleis vi skulle auke respekten for mat og unngå matsvinn. Då lagde eg saman med gode kollegaer det vi kalte dei ti buda om mat («Ten Commandments of Food»). Det handla om å ha respekt for mat og dei som skaffar den til veie gjennom sitt arbeid. Det handlar djupast sett om respekt og takk for Guds skaparverk som gir oss noko vi kan kultivere og leve av. Alle ville ha teksten etterpå. Ein var sjef i Verdensbanken, ein annan dreiv restaurantar mange stader i verda.

Det første budet var: «Takk for den maten du et.» Vi lærer som barn å takke for maten når vi går frå bordet. Mange har lært ei bordbønn og er vant med å lese eller synge den sammen før eller også etter ein et. Ei enkel bøn som «For helse, glede, dagleg brød vi takkar deg O Gud.» Det handlar om å minne seg sjølv og andre på at mat er ei gåve som kjem til oss gjennom det Gud har skapt. Eit anna bud var: «Et med omtanke («mindfully»)» Det siste var: «Gled deg over og del den heilage gåva som maten er med alle»

For måltidet er meir enn mat: Maten er meir enn føda, som ein sa det. Det blir fellesskap skapt av å ete saman.  Det veit vi, og vi har kanskje tenkt meir på det når det under pandemien har vore så mange begrensningar på å møtast for å dele mat og drikke. Mat er ein viktig del av eit sjukestell, det er eit teikn på korleis vi har det og viktig for heling og helse. Men det er også viktig for vår oppleving av å vere menneske, slik at vi har ei kjensle av å leve sammen. Ja, for å vere sett pris på, tatt med i eit godt selskap, eit fellesskap som betyr noko for oss.

Dette er nok ein viktig grunn til at det står veldig mykje om mat og måltider i Bibelen. Ja, det er sjølve symbolet for fellesskap i alle religionar.

Dette veit vi ganske mykje om, alle sammen. Det er ein rik mattradisjon i Trøndelag, og det er ein rik måltidstradisjon her også. Som det er i mange kulturar, også den samiske. Det var i alle fall slik eg huskar min barndom i Trøndelag: Om ein var vaksen eller barn, ein skulle ikkje gå frå eit hus ein hadde vore innom utan å bli bydd noko.

Men det er ingen tvil om at det både er å vere høfleg og venleg som kjem til uttrykk. Det kan vere endåtil meir enn det, det kan vere eit ønskje om å etablere ein ny relasjon, eller å feire noko, eller å la nye menneske få glede av å høyre til i bygda eller nabolaget. Eller rett og slett ein vilje til å gi noko – i håp om å få noko igjen…

Dersom det er høgtidleg eller uformuell invitasjon til noko, så er det ofte ein invitasjon til mat. Skal vi ha gjester, er det til eit eller anna. Lunsj, middag, ettermiddagskaffe, frukostmøte, kveldssavtale. Enten det er naboen som kjem innom, barnebarna som er på besøk, eller det er gullkanta invitasjonar frå Slottet – så er det invitasjon til eit måltid. Eg veit at Kongehuset har bevisst invitert også andre menneske enn dei som står på vanlege invitasjonslister. Då vert det endå sterkare budskap i ein slik invitasjon.

Og det er litt dette poenget som ligg under i dagens tekst. Det ikkje kven som helst som inviterer til måltid på stranda. Disiplane tør ikkje heilt å seie det dei alle tenkjer: Det er Jesus, Mesteren sjølv. Det er påfallande kor ofte det er tale om mat i Bibelen. I forteljingane om Jesus, er det også tale om at han åt med folk som ikkje tilhøyrte det gode selskap. Det var menneskets grunnleggjande behov for mat som var i fokus då Jesus gjorde sin under med brød og fisk. Det var ikkje nok å halde ein tale til dei. Den åndelege føda måtte også vere noko konkret. Og det er jo det siste måltidet før Jesus døde som vart uttrykk for det han hadde saman med disiplane i alle tider sidan i vår nattverdfeiring. Brød og vin vart uttrykk for at Jesus gav seg sjølv for dei.

Men dei var prega av at Jesus vart fanga, plaga, drept  og gravlagd. Katastrofen i deira fellesskap hadde gjort dei rådville, og oppgitte. Det er den tapte Gud dei hadde opplevd. Trudde dei. Det var Mesteren som var blitt borte, ja som hadde mista all ære og respekt blant folk flest. Det var ikkje noko stas eller kanskje endå til ikkje noko meining i det dei hadde av tru og tillit til han før.

Det var ikkje nok med det. Dei hadde gått tilbake til sine opprinnelge yrke og levebrød: Å fiske. Men det var ingen ting å få. Då er det ikkje mykje å leve av for fiskarar.

Så var det ein på stranda som sa at dei skulle fiske på andre sida av båten. Det høyrest ut som ein vits. Men dei gjorde det. Og dei fekk meir enn dei kunne få halt inn i båten. Det vart noko å selge, noko å tene til livets opphald på. Ja, ikkje berre det. Det vart noko som kunne brukast i eit fellesskap. «Kom hit med noko av fisken», sa mannen på stranda. Han ville gi dei ei ny kjensle av å høyre til i det fellesskapet som var skapt, dei håp og draumar som det hadde skapt.

Og det er maten som vert uttrykket, vi kan seie symbolet, på det dei har felles. Og no også med den oppstandne Herre, livets skapar og dødens overvinnar. Fisken kjem på Jesu ord. Det er eit teikn på at dette er ei guddomleg gåve, sjølv om det er deira daglege arbeid og derira daglee fisk og brød.

Kvar er Gud?  Kvar kan vi møte Gud?

Vi kan som dispilane møte Gud i naturen. Vi møter spor av Gud i skaparverket og alt det vi der kan forvalte og bruke på ansvarleg måte for at vi skal leve. Vi møter Gud i møte med kvarandre, i møte med alle menneske som er skapte i Guds bilete. I møte med dei vi høyrer til, og i møte med dei som er annleis enn oss, men som utgjer det mangfaldet Gud har skapt oss til å vere.

Gud er her, også når vi ikkje kjenner på det eller tenkjer på det. Kanskje kan det vere i kriser i livet vi ser det tydelegare. For nokon blir kriser der ein mister tru og håp.

I dag er det gode budskapet at den oppstandne møter oss der vi er i livet, med det vi har av levd liv og glede og sorger. Kanskje kan det vere nettopp i møtet med nokon som brydde seg om oss, om det vi hadde bruk for akkurat no, som gav oss teikn på tru og håp. Teikn på at det er nytt liv og håp.

Det er fantastisk å få fisk, men det er endå betre å få ete den saman. Den oppstadne ville ikkje berre gje dei trua på at livet går vidare. Han ville også ha fellesskap med dei.

Vi møter ikkje teikn av Gud berre i eit kvart måltidsfellesskap med kvarandre. Vi gjer det på ein heilt spesiell måte i det måltidet vi feirar i kyrkja, i nattverden, der Jesus gir oss seg sjølv i brød og vin.

Der seier presten, som Mesteren på stranda: «Kom, for alt er gjort ferdig!»  Og så får dei kome også med sitt, sin fisk, og det vert alt eit himmelsk måltid på jord.

Der er det frelse, liv, nærver og fellesskap som den krossfeste og oppstandne Kristus gir oss. Det er teikn på kjærleiken. Guds kjærleik.. Difor avsluttar vi ei nattverdfeiring med orda «Deg vere ære for kjærleiken som er sterkare enn døden».

Vi kan på ulike måtar ta til oss dei kjærleiksteikn Gud viser oss. Og vi kan på mange måtar vise dei kjærleikens teikn til andre som Gud ber oss om. Då vert livet meiningsfullt, uansett korleis vi har det.

Ære vere Faderen, Sonen og Den Heilage Ande, vår Skapar, Frelsar og Livgjevar, som var, er og vere skal, èin sann Gud frå æve og til æve.

Amen

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"